Brannen i Angedalen blei meld klokka 19.13 laurdag kveld. Brannvesen, ambulanse og politi rykte ut, men dei to personane i huset klarte å sløkke brannen sjølve.

Dei to som var i huset blei teke hand om av helsepersonell. Huset fekk berre små skadar i brannen, opplyser Sogn og fjordane politidistrikt.