Klokka ti over fire i natt fekk politi og brannvesen melding om brann i ein einebustad i Bygstad i Sunnfjord.

— Det var to personar i huset då brannen starta, men dei kom seg ut ved eiga hjelp, opplyser politiet ved operasjonssentralen i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Då politiet og brannvesenet kom til staden, var det ikkje åpen flamme utvendig men mykje røyk i huset.

Brannvesenet sende røykdykkarar inn i bygget.

Årsak til brannen er ikkje kjend. Huseigar hadde fått i seg ein del røyk og vart teken hand om av helsepersonell.