Egil Vindenes i viltnemnda i Øygarden opplyser til Kystradioen at det er registrert store flokkar med hjort som har tatt vegen frå både Stord, Austevoll og Flesland-området til Sotra og Øygarden.

Jaktfolket melder om mykje hjort i år, og Vindenes forklarar hjorteinvasjonen med det friske graset som har kome etter storbrannen i mai.