TERJE ULVEDAL

— Tekniske undersøkingar tyder på at det er brukt brennbar væske for å tenne på ved og materiale som låg inntil huset, seier politibetjent Jan Bjarte Skrøppa til avisa Firda.

To forbipasserande, ein mann og ei kvinne, oppdaga brannen i 8-tida søndag morgon. Kvinna sløkte brannen med materiale ho fann i nærleiken. Deretter kom mannen til med eit pulverapparat. Innsatsen til dei to hindra brannen i å utvikle seg.

— Dette kunne lett ha blitt ein stor husbrann, seier Skrøppa. Politiet har gjennomført ein dør-til-dør-aksjon, og det er også gjort ei rekkje avhøyr.- Vi arbeider etter ulike spor, men har så langt ingen mistenkte, seier politibetjent Bjarne Brudevoll ved lensmannskontoret i Gaular. Det var ingen i huset då brannen starta søndag morgon.