Eidfjord-ordførar Johan Anved Tveit fekk eit tillitsvotum av veljarane ettersom Senterpartiet auka frå fire til seks mandat i kommunestyret.

Eitt mandat var «ledig» i Eidfjord denne gongen, sidan SV ikkje stilte liste. Finteljing av «slengarar» kan avgjera om det er Bygdelista eller Høgre som misser det andre mandatet som Sp vann.

Sidan kommunestyret har 17 medlemer, er det godt mogeleg med konstellasjonar som fører til ordførarskifte, men veljarane sin tillit til Tveit er i alle fall ikkje svekka ved dette valet. Og det uttrykker han glede over, i ein samtale med Bergens Tidende.