– Det gjorde meg ingen ting. Julekvelden prata eg med ungane og med kompisar på internett. God mat er her óg, seier Claes Johansson frå sitt vesle krypinn på Akerhus, Aker Kværner Stord sitt arbeidarhotell.

Frå rommet hans i tredje etasje høyrer vi lyden av fjernsynsfotball 2. juledag. Elles er det lange, musestille korridorar og mørklagde TV-stover. På tavler og dører er det oppslag på norsk, engelsk og polsk.

– Det har vore herleg rolege dagar, seier Johansson.

Julefreden senka seg over verftet, der to boreriggar skrik etter arbeidsinnsats for å bli ferdige innan fristane i juli og desember neste år. Nær 2000 gjestearbeidarar frå heile Europa er hyrte inn for å hjelpa like mange fast tilsette med jobben.

Gjestearbeidarane drog heim til jul, men det gjorde altså ikkje røyrarbeidar Claes Johansson.

Trim og sild

– Meininga var at eg skulle jobba på julaftan. Men det var ikkje nok folk, så eg fekk fri. Dagen gjekk med til soving, eting, to økter i trimrommet og chatting med ungane på nettet.

Claes Johansson løyvde seg eit glaswhisky som einaste ekstranyting på julekvelden. Julemiddagen, som innkvarteringsansvarlege Ess inviterte til på kvelden, stod han over.

– Eg åt godt om ettermiddagen. Her blir det servert veldig god mat heile året, kvar dag er som eit julebord, blant anna med sild, som er juletradisjon heime hos oss, seier Johansson.

Fråskilde Claes Johansson har fem born i alderen 6 – 19 år. Når han søndag dreg heim til Hälsingsland i Norrland har han med seg fem norske lusekofter som årets julegåve til ungane. Men først er det tre arbeidsdagar på verftet.

11 timars dag

Claes Johansson er van med å vera borte frå heimen. Han har jobba og feira jul i Australia, og har hatt FN-teneste på Kypros, i Kosovo og Bosnia.

Til Stord kom han i februar i år, som tilsett i Molde-firmaet Langset. 46-åringen reknar med å bli til begge Aker Drilling-riggane er leverte. Deretter håpar Johansson på å få jobb om bord i ein av dei.

– Derfor tok eg offshorekurs i haust, seier han.

Gjestearbeidarane jobbar stort sett 11 timars dagar. Då er dei trøytte, og går normalt til ro tidleg.

– Før fridagar spelar vi gjerne biljard og går og drikk øl på puben her eller på utestader på Leirvik. Til å vera så mange mann samla på ein stad er det lite bråk på anleggshotellet, seier Claes Johansson.

130 arbeidsplassar

Aker Kværner har sett bort drifta av anleggshotellet til Ess Support Services AS. Den store aktiviteten i vinter sysselset 130 personar – 90 prosent kvinner – innan innkvartering, catering og reinhald, fortel driftsleiar for Ess på Stord, Inger Elin Helland.

Det faste anleggshotellet Akerhus er supplert med nye brakkeriggar både på Kjøtteinen og Eldøyane, i tillegg til flotellet «Bibbi».

Etter avslutta anleggsaktivitet både på Nyhamna (Ormen Lange) og Melkøya (Snøhvit) i haust, har Stord for tida landets største anleggshotell med i alt 1304 senger. Hotellet leiger også ut til ferdafolk når det er ledig kapasitet.

STORHOTELL: Med 1304 senger er Akerhus og omliggjande brakkeriggar landets største anleggshotell. FOTO: OVE OLDERKJÆR
ÅLEINEJUL: Tv, telefon og pc med kamera og internett har sikra Claes Johansson kontakt med familie og omverda denne jula. FOTO: OVE OLDERKJÆR