Kvinna fall og brakk overarmen som følgje av valden.

Eldspåsetjing Mannen er domfelt ei rekke gonger tidlegare, seinast i fjor vår, og er no dømt til eitt år og to månaders fengsel for valdsbruken samt ei rekke andre episodar. Dette inkluderer vald og truslar mot politiet, eldspåsetjing i arresten, brot på besøksforbud og kjøring utan førarkort.

Valden mot politiet skjedde då 48-åringen vart pågripen som mistenkt for å ha starta brann innen på eit pensjonat i Sogndal i november 2006. Polititenestemennene fekk da beskjed om at 48-åringen ville "hugse tryna deira" og komme tilbake og drepe dei. Han er dømt for truslane, og for å ha sparke etter polititenestemennene.

Mest alvorleg ser likevel retten på valdsbruken mot ekssambuaren.

7. gong utan førarkort

Ho kom til sjukehus med store hevingar og blodutredingar i ansiktet, og med brot i overarmsbeinet etter eit fall.

Tiltalte er fleire gongar tidligare dømt for vold mot den samme kvinna. Når menn utøver vold mot kvinner dei har ein nær relasjon til, kan dette føre til store og inngripande konsekvensar for kvinnas liv, heiter det i dommen, og retten meiner det er viktig å reagere markant for å vise samfunnets syn på dette.

Dei straffbare forholda er begått i prøvetida for den førre dommen, og Fjordane tingrett meiner eit år og to månaders fengsel utan vilkår er passande straff.

Retten vektlegg i tillegg som eit skjerpande moment at dette er sjuande gang 48-åringen blir domfelt for å køyre utan førarkort.