Fotballproffen har sansen for Ove Thue sin idé om å skaffa seg svigermor på Voss. Under opphaldet i juleferien vart han med på Team Eikeland, som elles består av spelarar frå A-lagsstallen til Fbk. Voss.

Laget gjekk heilt til topps, etter 5–1 i finalen mot skadeskotne «Poetry in motion». I denne turneringa er kreativitet i val av lagsnamn ein del av gamet.

Braaten imponerte med enorm fart når han sette inn eit rykk. Han sette ballen i nettet ti gonger, men vart ikkje toppscorar.

B-finalen vart vunnen av Team Sweden etter 6–4 mot Daa What ever i finalen. Spelarane på Bulken junior var eldre enn namnet tilseier, stilte i oldboysklassen. Men Dale old boys viste at dei gamle er eldst, med 3–2 som finaleresultat.

Damevinnar Mus of Norway hadde stort sett førstedivisjonsspelarar i Fbk. Voss på laget. Finalemotstandar Wanna Be Good vart ikkje så gode som dei vona, og tapte 1–8.

Arne Hofseth
Arne Hofseth