Kommunen har med lovtunge paragrafar i hand sett foten ned; flytande hus blir ingen ny turistnisje i Selvika sommaren 2003. — Vi er gjort kjent med at det er oppankra ein husbåt i Selvika i Stavang utan at det er gjeve samtykke til dette, skriv Flora kommune til båteigar Eirik Ødegaard i Naustdal.

BT skreiv i går om det flytande båthuset i Selvik.

I brevet til eigaren viser kommunen også til at Ødegaard tidlegare er informert om prosedyrar for eventuell søknad. I dette møtet fortalte eigaren at husbåten er tenkt plassert i Selvika meir enn tre månader for utleige.

No veltar Flora husbåt-prosjektet med følgjande formuleringar 29. april:

«Ved plassering av transportable bygningar/konstruksjonar for lenger enn 3 månadar skal kommunen ha gjeve samtykke få førehand etter Plan- og bygningslova § 85, 2.ledd. Det er og normalt at grunneigar har gjeve samtykke til tiltaket».

Og bygningssjefen i Flora set endeleg punktum for den idylliske plasseringa i Selvik: «Då vi ikkje kan sjå at det ligg føre samtykke til plassering etter Plan- og bygningslova vert det med dette sett krav om fjerning av husbåten etter § 113, innan 07.05.2003. Dersom påbodet ikkje vert etterkome vil kommunen vurdere tvangsmulkt etter § 116a, eventuelt førelegg etter § 114».