– Dei sterke reaksjonane frå kommunane har gjort inntrykk, vedgår styreleiar i helseføretaket, Clara Øberg, overfor NRK Fylkesnytt.

– No tek vi konsekvensen av at dette blir så tungt å svelgje at det ikkje er akseptabelt for kommunane.

I Bergens Tidende tysdag sa mellom andre Hyllestad-ordførar Tore Bråstad at eit stort legevaktsamarbeid mellom ni kommunar står i fare dersom ambulansekutta vart gjennomført. No er han strålande nøgd med at ei viktig føresetnad for dette samarbeidet framleis er til stades.

Helse Førde planlegg å kome tilbake til eventuelle kutt på ambulansesida, men først etter å ha vore gjennom resten av lista med kutt og innsparingar.