Ein våt og mørk desemberkveld for snart to år sidan vart Sveinung Bjørkedal stoppa i ein politikontroll på E39 ved Norevik, nokre kilometer før ferjeleiet i Lavik. Her vart 49-åringen ilagt eit forenkla førelegg på tusen kroner, fordi han hadde brukt tåke/kurvelys i kombinasjon med nærlysa på sin Ford Mondeo.

Forskjellsbehandling

Bjørkedal vedtok førelegget på staden, men oppdaga etterpå kor uheldig han hadde vore som vart stoppa nettopp i Sogn. Hadde han blitt tatt etter å ha passert fylkesgrensa mot Hordaland få mil unna, ville han truleg sleppt unna utan bot.

For Bjørkedal meiner han kan dokumentere at bilistar som brukte ulovleg lys i Hordaland slapp unna med ei åtvaring, og at politiet der ikkje starta med å skrive ut slike bøter før hausten året etter.

— Eg kan ikkje forstå at riksadvokaten og Politidirektoratet kan akseptere ei slik forskjellsbehandling frå politidistrikt til politidistrikt, seier Bjørkedal, som har klaga saka inn for statsadvokaten i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Bjørkedal viser blant anna til artiklar i Bergens Tidende frå januar 2003 og 17. oktober 2003, den siste altså ti månader etter at han vart bøtelagt i Sogn. Av artiklane framgår det at politiet i Hordaland først starta å bøtelegge for feil lysbruk først i oktober 2003.

Lenger «amnesti»

I eit svarbrev til Bjørkedal skriv Sogn og Fjordane politidistrikt at dei starta med bøtelegging for dette regelbrotet allereie «ein kort periode» etter at den nye lysregelen trådde i kraft 1. juli 2002.

Alt tyder dermed på at trafikantane i Hordaland fekk meir enn eit heilt år lenger «lys-amnesti» enn sine kollegar på andre sida av fylkesgrensa i nord.

Det lovbrotet som kosta tusen kroner i Sogn og Fjordane, var altså gratis i Hordaland i over eitt år etterpå.

— Vi prøver å ha mest mogeleg einskapleg praksis, men det ligg eit stort element av skjøn i slike saker. Det kan vere lokale grunnar til eventuelle variasjonar politidistrikta imellom, seier Roar Østby hjå Riksadvokaten.

— Det viktigaste for oss er trass alt at formålet med lova blir oppfylt.

FORBODE MED LYSORGEL: Det skal vere tåke og dårleg sikt før det er lovleg å bruke kurve/tåkelysa saman med nær/fjernlys. Regelen trådde i kraft i juli 2002, og kort etter starta politiet i Sogn og Fjordane å bøtelegge. I Hordaland venta dei meir enn eitt år. Sveinung Bjørkedal (bildet) meiner forskjellsbehandlinga er horribel.<p/>FOTO: ODDLEIV APNESETH