— Vi har gitt mannen eit førelegg på 10.000 kroner og krev at førarkortet hans blir inndrege i ni månader, stadfestar politiadvokat Kjetil Kvalvik i Hordaland politidistrikt til BT.

Politiet har ikkje funne bevis for at 22-åringen på nokon måte kan lastast for dødsulykka, men meiner han opptredde aktlaust like før.

— Vi meiner det er graverande at han har delteke i villmannskøyring, seier Kvalvik.

Kappkøyring

Det var 10. februar i år at den tragiske ulykka skjedde på riksveg 48 på Husnes i Kvinnherad.

Like etter klokka 22.00 kom meldinga om at to bilar var innblanda i ei ulykke. To menn, begge 18 år, omkom då dei køyrde inn i ein bil. Mannen i denne bilen ligg framleis på Haukeland universitetssykehus med alvorlege skader.

Ulykka skjedde på ei strekning som lokalt blir kalla «Stripo». Strekninga er ein ynda stad for fartsglade ungdommar som vil teste bilane sine.

Politiet trur det var kappkøyring som fann stad også ulykkeskvelden.

Bak 18-åringane sin Golf, skal 22-åringen ha kome i sin Ford. Begge bilanen skal, ifølgje vitne, ha halde svært høg fart. Avstanden mellom bilane blir omtalt som svært liten.

Berre tre-fire hundre meter før det small skal Forden ha stogga, medan ulykkesbilen rasa vidare. At 22-åringen valde å slakke av, berga truleg livet hans.

— Ulykka kunne lett fått større omfang, om mannen ikkje hadde stogga, seier Kvalvik.

Innrømmer stor fart

22-åringen var første mann på ulykkesstaden. Her vart han vitne til at to kjenningar døydde og at ein uskuldig tredjemann vart alvorleg skadd.

Eit heilt lokalsamfunn vart på nytt brutalt ramma av ei ulykke, som truleg berre kan forklarast med stor fart.

— 22-åringen har fortalt at han køyrde noko over 100 km/t. Det er grunn til å tru at ulykkesbilen kan ha hatt endå større fart. Vi kan ikkje fastslå noko, berre konstatere at farta har vore stor, seier Kvalvik.

No vil politiet at 22-åringen skal straffast for å ha vore med på villmannskøyringa.

— Han har sjølv forklart at han køyrde for fort. Vi har og fleire vitne som fortel om uforsvarleg køyring, fortel Kvalvik.

Hamnar i retten

I tillegg til bot, meiner politiet at 22-åringen bør miste lappen.

— Vi har overfor retten bede om at han blir fråteken førarkortet for ein periode på ni månader, seier Kvalvik.

22-åringen er ein gong tidligare bøtelagt for trafikkforhold. Den gongen skal han ha vore uoppmerksom og køyrd av vegen.

— Klienten min har erkjent at han køyrde for fort ulykkeskvelden, men meiner han ikkje kan lastast for det som skjedde, eller straffast av annan grunn. Derfor endar truleg saka i retten, seier 22-åringens forsvarar, advokat Fredrik Verling.

DREPNE: To unge menn vart rivne bort i ulykka på Husnes. Politiet har no bøtelagt ein bilførar for å ha vore med på villmannskøyring like før det small.<p/> ARKIVFOTO: GEIR REMME