Det var for tre og eit halvt år sidan at 31 år gamle Jan Robert Larsen fekk store brannskader i ein eksplosjon på smelteverket.

Etter åtte veker på brannskadeavdelinga på Haukeland døydde 31-åringen. Dei pårørande har heile tida meint at svikt i rutinane var årsaka til eksplosjonen.

Politiet har brukt meir enn tre år på å etterforske hendinga, og konkluderer altså med å ileggje selskapet ei bot på 700.000 kroner. Både far til den omkomne, Leif Larsen, og hans advokat, Anders Folkman, meiner bota er latterleg lita.

Dei viser til at oljeselskapa har fått langt strengare reaksjonar mot seg etter dødsulukker i Nordsjøen. Mellom anna blei Hydro ilagt eit førelegg på 15 millionar etter ei ulukke på Oseberg Øst i jula 2000.

— Det er hårreisande at industrien kan kjøpe eit liv for mindre enn ein million kroner, seier advokat Anders Folkman til NRK Sogn og Fjordane.

Informasjonssjef i Hydro Amuminium Thomas Knutzen opplyser at Hydro har vedteke bota.