— Dette er ikkje ei sak for partiet. Han har fått ei bot, den vil han betale, ferdig med det. Utover dette har vi ingen kommentarar. God helg, sa generalsekretær Geir Mo i Frp til BT i går. Han viser til det fylkesleiar Gunnar Bakke sa i Bergens Tidende tysdag. Då uttalte Bakke at saka ikkje får konsekvensar for den lokale partitoppen, og at det heile er ein personleg tragedie.

Fekk ikkje besøksforbod

Den bøtelagte mannen er formannskapsmedlem og gruppeleiar for Frp i det lokale kommunestyret. Han gjekk fullstendig i spinn då kjærasten gjorde det slutt i vår; hengde opp plakatar der ho, under fullt namn, blir stempla som notorisk utru, spreidde løpesetlar om henne i postkasser, og sjikanerte henne og den nye kjærasten hennar på nettet.

I tillegg til å melde politikaren for ærekrenkingar, bad den sjikanerte kvinna også om at mannen måtte få besøksforbod, slik at han ikkje lenger fekk lov å kontakte henne. Det ville ikkje politiet gje, fordi dei meiner kontakta ikkje har vore slik at forbod er nødvendig.

- Latterleg

— Dette er latterleg. Nå får han det akkurat som han vil. Han kan betale seg ut av alt saman, seier offeret for sjikanen om førelegget. Ho hadde håpa på ein tiltale mot mannen. Kvinna har fått seg advokat, og vil saman med kjærasten krevje økonomisk oppreising av Frp-gruppeleiaren.

Heller ikkje lokallaget ser noko problem med at den lokale frontfiguren er bøtelagt for sjikane.

— Saka har sjølvsagt ikkje vore drøfta i lokallaget. Dette vart ikkje gjort i partiets namn, seier lagets formann - som elles er i familie med den bøtelagte.

Også Frps handsaming av saka har skuffa offeret.

— Eg meiner han burde vore ekskludert umiddelbart.