— Vi meiner at politimannen slo den pågripne, som var i handjern, i ansiktet med flat hand, seier førstestatsadvokat Jan Hoel til Firdaposten.

Polititenestemannen var også meld for å ha mishandla arrestanten ytterlegare på cella, men dette forholdet har statsadvokaten lagt bort.

Politimannen har ikkje vedteke bota, men heller ikkje bestemt seg for om han vil anke. Han skal no drøte saka med ein advokat frå Politiets Fellesforbund.