Den kvinnelege, tyske kajakkpadlaren blei for tre veker sidan uforvarande sentrum i ein årelang krangel mellom to brødre. Mannen i 60-åra vedgår å ha kjørt nær kajakken for å skremme kvinna. Ho har feriert i Kvinnherad saman med fleire andre i ei årrekke.

No har politiet pålagt mannen bot på 10.000 kroner, melder Kvinnheringen.

Båtføraren ønskjer førebels ikkje å godta bota. Dermed vil saka truleg gå til retten.

– Dersom eg skal godta denne bota, inneber det at eg vedgår å ha dunka borti kajakken. Det har eg ikkje. Eg er lite freista til å godta ei bot for noko eg ikkje har gjort, seier mannen til Kvinnheringen.

Politiet meiner mannen var borti kajakken, medan båtføraren sjølv meiner han var minst ein halv meter unna.