Det var 3. januar i fjor at sjåføren i 30-åra skulle køyreeit vogntog frå Ørsta til Haugesund. Traileren var fullasta, vekta var trulegnær 30 tonn.

Bom stopp

I Sunnfjord hadde det snøa tett heile dennevinterettermiddagen. Då sunnmøringen kom til Førde rundt klokka 19 om kvelden,var det i tillegg til dei store snømengdene også nullføre og svært glatt.

I ein av dei nederste svingane i Halbrendslia blei det bomstopp. Trailersjåføren måtte tilkalle veghjelp for å kome seg laus.

Ifølgje domen i Fjordane tingrett stoppa vogntoget trafikkeni begge retningar. Politiet måtte iverksetje omfattande tiltak for å dirigeretrafikken. Først tre timar etter at vogntogsjåføren hadde køyrt seg fast, vardet tilnærma normal trafikk att på hovudvegsambandet.

— Sjølve om det ikkje skjedde trafikkulukker somfølgje av at vogntoget stod fast, blei ei lang rekkje trafikantar påførtvesentlege ulemper, skriv Fjordane tingrett i domen.

- Bevisst risiko

Her kjem det også fram at sjåføren berre hadde kjetting påeitt hjul. Retten meiner difor han ikkje hadde skodd vogntoget for forholda dåhan tok til på bakkane opp frå Førde. Tingretten viser også til at sjåførenhadde fleire alternativ for å stoppe og leggje på fleire kjettingar, før detblei stopp eit stykke oppe i lia.

— Han tok ein bevisst risiko, heiter det i domen.

I tillegg til bota må mannen også betale sakskostnader på5000 kroner.