TERJE ULVEDALterje.ulvedal@bt.no3 Chatonella-algen, som no fører til fiskedød i oppdrettsanlegg på Sørlandet, er slett ikkje den einaste levande organismen som er innført til landet. Chatonella kom truleg til Norge via ballastvatn i 1996. Men det tidlegast kjente tilfellet av ein ballastoverført art til norske farvatn er nesten 100 år eldre. I 1903 blomstra kisel-algen med det latinske namnet Odontella sinensis opp i Nordsjøen.Fleire andre algeoppblomstringar er assosiert med ballastvatn, utan at det alltid har vore råd å prove dette. Arten som har teke livet av mest fisk i Norge, er dinoflagellaten Gyrodinium auroeolum. Denne blomstra for første gang opp i 1976. Seinare er arten observert så langt nord som til Senja. Bit seg fast Felles for mange algeartar er at dei bit seg fast når dei først har fått ei stor oppblomstring. Dei kjem tilbake år etter år. Det er slett ikkje berre ballastvatn som fører med seg framande artar. I rapporten "Hvor fartøy flyte kan, der følger ballastvann" skildrar forskarane Gunnar Album og Sigmund Kvaløy Setreng kva som skjedde då stillehavsøstersen Crassostrea gigas vart innført til Norge for dyrking. Østersen er sjølv ikkje i stand til å etablere levedyktige bestandar. Men eit par artar som følgde med som nissar på lasset, har vist seg svært overlevingsdyktige. Mellom dei er ein snigelart, ofte kalla østerspest. Teppe av skjel Snigelen lagar store teppe av skjel, lag på lag, og fortrenger dei opphavlege artane. Østerspest slo seg først ned i Oslofjorden, vandret deretter nedover sørlandskysten og har no nådd Hordaland.Ein annen art som har komme med østersoppdrett er japansk drivtang. Den vart observert flytande første gong på Sørlandet i 1984, og fastveksande i 1988. Den japanske tangarten har no etablert seg på Vestlandet, og er på vei nordover.I sitt naturlege miljø i Japan vert denne arten en halv til ein meter lang. I Norge blir tangen derimot opptil fire meter lang. I Frankrike, der japansk drivtang vert sett på som ei skikkeleg pest og plage, er det funne individ som er over 10 meter lange.