• Ta det med ro. Nå skal vi ta kvelartak på deg, slik at du ikkje får puste. Du vaknar igjen om nokre timar.

— Ja, eg var redd for å dø. Eg tenkte: Det kan ikkje vere meininga at livet mitt skal ende her med desse to mennene, forklarte det 36 år gamle offeret i Bergen tingrett i går.

Tobarnsmora ante ikkje at ho hadde ei fem timar langt mareritt i vente då ho sette seg inn i bilen sin ved Rådhuset i Bergen på kvelden 14. juni i år.

Plutseleg dukka to ukjende menn opp og tvinga henne over i passasjersetet. Dei var væpna med ein stor Rambo-kniv, sa at den eine var tidlegare elitesoldat, og forlangte å få minibankkortet og pin-koden. Det fekk dei, men greidde ikkje å få ut kontantar fordi det ikkje var dekning på kontoen.

— Eg var redd dei skulle tru eg hadde lurt dei. Eg følte at dei ikkje var i balanse, og sa det difor som det var: At eg først ville få utbetalt lønn dagen etter, forklarte den 36 år gamle akademikaren.

«Hald pusten»

Dermed bestemte dei to polakkane på 21 og 25 år seg for å halde kvinna fanga inntil pengane kom på konto. Etter ein biltur gjennom Bergen sentrum, enda ferda på ein parkeringsplass i Åsane.

— Eg sa at eg hadde mann og to barn som venta heime; at det var vondt og skremmande å sitje der med dei. Men dei reagerte ikkje, sa 36-åringen.

Ut på natta vart mennene utålmodige.

— Dei

— sa: «Vi må gjere deg medvitslaus, slik at vi får eit forsprang på politiet. Dette har vi gjort på ein person før, han vakna igjen etter nokre timar», sa den sterkt prega kvinna i retten.

Deretter la polakken i baksetet armen rundt halsen hennar og klemte til.

— Han sa at eg skulle slappe av, og at eg gjerne måtte halde pusten. Då ville det gå lettare, sa kvinna.

Basta, bunden og knebla

Først då ho fekk brekningar, ga mannen seg.

— Eg merka at ho heldt på å bli kvelt, sa gjerningsmannen i retten i går.

Både han og kameraten har tilstått den brutale kidnappinga. Dei to var reist til Noreg for å tene pengar, men hadde ikkje funne arbeid. Dei var blakke og svoltne, og bestemte seg difor for å gjennomføre eit ran.

Kvelartaket forklarte 25-åringen at han hadde lært under utdanninga som elitesoldat.

Den vettskremde 36-åringen foreslo sjølv at mennene heller kunne binde henne med tau som låg i bilen, slik at dei kunne kome seg unna.

Basta og bunden på hender og føter, og knebla med eit slepetau, vart 36-åringen forlaten i bilen sin på Nygårdstangen midt på natta. Først klokka 03.30 greidde ho å kome seg laus og gå bort til legevakta.

Kvinna har også tidlegare vore offer for truslar og vald, og var nettopp komen attende i arbeid etter fire års opphald.

— Eg hadde vore igjennom så mykje, men var kome meg på beina att då dette hende. Det fortalde eg også til dei to mennene, sa kvinna, som i dag igjen er sjukmeldt etter det som hende i sommar.

<b>GROVT RAN:</b> Aktor Jarle Golten Smørdal meiner dei to mennene må dømmast til fengsel i to år og tre månader for grovt ran, bortføring og forsøk på å gjere kvinna medvitslaus.
<b>TRUGA MED KNIV:</b> Væpna med denne kniven tvinga dei to polakkane seg inn i bilen til den 36 år gamle bergenskvinna. I fem timar heldt dei henne fanga, på jakt etter pengar. <br/>FOTO: ØRJAN DEISZ