Etter det Bergens Tidende kjenner til, er det på børsen sterk irritasjon over måten leiinga i oppdrettskonsernet har handtert informasjonsplikta.

Børsen har dei siste dagane vore i kontakt med Fjord-leiinga ei rekkje gonger. Men leiinga har ikkje på noko tidspunkt gitt uttrykk for at det var på gang endringar i selskapet som kunne påverke kursen på selskapets aksjar.

Vil undersøkje

— Vi undrar oss over at vi ikkje har fått informasjon tidlegare, og set spørsmålsteikn ved om Fjord har halde plikta dei har til å informere børsen. Dette er noko vi vil undersøkje i ettertid, seier pressetalsmann Tor Arne Olsen ved Oslo Børs.

Overfor Bergens Tidende stadfestar Olsen at børsen dei siste dagane ei rekkje gonger har hatt samtaler med leiinga i oppdrettsgiganten. Børsen tok første gong kontakt etter at aksjekursen rasa, og fleire aviser kunne fortelje om krisa i selskapet og behovet for å få inn ny kapital.

Ingen signal

Ikkje på noko tidspunkt har Fjord-leiinga gitt signal om at det var på gang endringar som marknaden ville ha behov for å få kjennskap til.

— Nei, vi har ikkje motteke slike opplysningar før i går, stadfestar pressetalsmannen.

Sist måndag samla Fjord-leiinga seg til styremøte på Svanøy ved Florø, og det sette for alvor fart i spekulasjonane om krise i det multinasjonale oppdrettskonsernet.

Torsdag tok børsen affære og gav Fjord-aksjen børspause. Dette skjedde fordi børsen hadde mistanke om at ikkje alt var normalt med handelen som skjedde med Fjord-aksjen.

"Strategisk allianse"

Men etter ein samtale med leiinga i selskapet, som då sat i krisemøte i Oslo, gav børsen grønt lys for fri handel med aksjane. Nok ein gong avviste selskapet at dei hadde opplysningar som børsen ville ha behov for å ha tilgang til. I går morgon tok Oslo Børs på ny kontakt med Fjord Seafood. Då gjorde selskapet det klart at dei i løpet av dagen ville komme med ei melding. Umiddelbart vart det innført børspause, og like før klokka 12 kom meldinga om at styret i oppdrettsgiganten forhandlar om ein "strategisk allianse eg/eller emisjon"

Omgåande vart Fjord-aksjen sett under spesiell observasjon. I praksis betyr dette eit varsel til aksjekjøparar om at prisinga av aksjen er høgst usikker.

Børsbot?

Først fleire dagar etter at dei første spekulasjonane tok til å gå om at noko var på gang, gjekk selskapet altså offentleg ut og stadfesta rykta.

— Opplysningsplikta selskapa har er kanskje ikkje nok påakta. Skal vi som børs gjere jobben vår i å overvake marknaden, er vi heilt avhengige av korrekt informasjon frå selskapa. Elles risikerer vi å gjere jobben på feil premissar, understrekar pressetalsmann Tor Arne Olsen.

Til Bergens Tidende seier Olsen at børsen vil ta kontakt med Fjord Seafood når framtida for selskapet er avklara, og drøfta måten dei har informert på. Meiner børsen at dei har halde tilbake kurssensitive opplysningar, kan dei verte ilagt børsbot.

I FARE: Store oppkjøp fulgt av halvert laksepris har påført Fjord Seafood ei gjeld på bortimot fire milliardar kroner.
ARKIVFOTO: KNUT STRAND