— Eg vil prioritere denne elva i arbeidet med å kjempe mot lakseparasitten gyrodactylus salaris, seier Brende til Bergens Tidende.

Både gyrosmitten, som har ramme elva heilt sidan 1997, og forslaget til oppretting av nasjonale laksefjordar var tema i Lærdal i går.

Til alle som er uroa over at satsing på villlaks kan hindre vekst i oppdrettsnæringa på Vestlandet seier Brende:

— Villaksen skal få forkøyrsrett i nokre vassdrag, elles er det plass og høve for lakseoppdrett i dei andre fjordområda i Sogn og Fjordane.

— Den norske villaksstammen utgjer så mykje som 25 prosent av verdas villaks. Difor har Norge eit internasjonalt ansvar å ta vare på laksestammane, seier Brende til BT.

I går gav han 100.000 kroner til Norsk Villakssenter i Lærdal.

— Pengane skal nyttast til oppgradering av den unike utstillinga ved senteret, sa Brende.

Villakssentret i Lærdal vart opna av Kong Harald tidleg på 1990-talet, og er i dag ei reiselivsbedrift med ei omfattande utstilling av villaks.