EVA RØYRANE eva.royrane@bt.no

Det strøymer folk ut av Grieghallen. Nykonfirmerte med kvar si raud rose i handa. Mødrer og fedrar, slekt og vener. Alle i finstasen. Ein slags bunad her, to andre typar der. Nokon er komne for å gratulera med dagen. Neste stopp er festmiddagen. Somme har begynt å grua seg til talane.

Ein ny flokk står klar til å fylla Grieghallen. Denne helga går det nemleg unna. Tre ungdomsfestar i storstova i går, to i dag.

I år har 490 fjortenåringar fullført konfirmasjonskurset til Human-Etisk Forbund i Bergen. For å få kursbeviset må dei gå dei ti skritta åleine tvers over scenegolvet.

Sølvknappar og lommeur Øystein Børslid Haugsdal står der så flott i den lånte nordhordlandsbunaden. I konfirmasjonsgåve har han fått sølvknappar og utstyr som skal brukast på hans eigen bunad når den tid kjem. Mormora meiner han må visa fram kniven som heng i dei broderte bukseselane og bestefarsklokka. Eit stort lommeur med lekkje. Familien er samla. Snart sit dei 16 til bords.

Vi blir med neste pulje inn til ny seremoni. Konfirmantane kjem marsjerande opp på scenen. Dei fleste jentene har bunad. Nesten alle gutane har mørk dress.

— Det er dei dunkande hjartene sin dag i dag, seier konferansier Karl-Henrik Nygaard. - Og dei fuktige henders dag. Han siktar til dei nervøse fjortisane som ikkje berre skal skjelva seg fram til kursbeviset, men handhelsa, takka, bukka og neia to gonger før dei kan snu og ta same vegen tilbake. Somme får muntre tilrop og applaus frå slekta i salen.

- Kult å vera seg sjølv Kari Slaatsveen er festtalar på dagens konfirmasjonsarrangement nummer to. Første pulje fekk gode ord med på vegen frå artisten Kine Hellebust, til konfirmantgjeng nummer tre tala forfattar og journalist Frode Grytten.

Slaatsveen, som mellom anna er kjend frå programmet Irma 1000 i NRK P3, og som sjølv fekk racersykkel til konfirmasjonen, minna om filosofen Arne Næss sitt råd om å finna sin eigen veg her i livet.

— Det er ikkje så lett, og de vil garantert møta mange som ønskjer å påverka dykk undervegs, men det kan faktisk vera ei sterk og kul oppleving å gå på tvers av dei andre. Det kan vera lurt å likna litt på dei andre, men det er ikkje nødvendig å vera heilt lik, sa ho, og forsikra at livet faktisk vert meir morosamt for den som tillet seg å vera nett så rar som ein er laga.

— Men det er ikkje nødvendig å tagga på festduken eller sabotera onkel Bjarne sin altfor lange tale i dag av den grunn, la ho til.

Konfirmasjonen er ei bru Ein av konfirmantane, Margrethe Nergaard, heldt også tale. Ho nekta å vera med på at konfirmasjonen gjer henne vaksen på ein blunk. - Det går ikkje an å bli vaksen på ein dag. Eg ser på konfirmasjonen som ei bru på vegen til å bli vaksen. Det konfirmasjonskurset vi har vore gjennom har gjort oss litt tryggare, gjeve oss nokre tankar med på vegen mot vaksenlivet.

Også ho snakka om at det er viktig å ha tru på seg sjølv og å tora stå for eigne val og meiningar.

Heidi Marie Vestrheim frå gruppa Atakama kom på scenen med gitar og framførde to av sine songar til konfirmantane. Orkesteret Ung Symfoni spela, og skodespelar Peter Bredal las dikt.

— Til dykk frå meg. Nokre ord med på vegen frå ein passe tjukk mann i sin beste alder, sa Bredal og las «Til ungdommen» av Nordahl Grieg og «I dag» av Inger Hagerup.