— Ved å ta boreprøver håpar vi å finne ut om grunnen er trygg nok til at vi kan byggje ein provisorisk veg forbi rasstaden, seier distriktssjef Paal Fosdal i Statens vegvesen til Bergens Tidende. Ei slik mellombels løysing vil innebere at det blir bygt ei køyrebane inn i terrenget ved rasstaden.

— Før vi bestemmer oss for kva vi skal gjere, må vi også måle djupna i fjorden på denne plassen, seier Fosdal.

Lite bekk blei til stor å

Det var ein liten bekk som måndag vaks til ei stor elv, og spylte kring 30 meter av riksvegen på fjorden. Enorme mengder med stein ligg tilbake i elvefaret der det ein gong var ein veg.

Raset gjekk like vest om bygda Naddvik som framleis er utan vegsamband. Vegvesenet starta ryddinga av dei to rasa aust om bygda i går, men kom ikkje gjennom meir enn det eine.

— Årsaka er at mengdene med masse som har komme ned i desse skreda er svært store. Vi håpar å kunne opne vegen mellom Naddvik og Årdalstangen i dag, opplyser Fosdal.

Reservebru ved Fardal

I går tok vegvesenet også til å førebu arbeidet med å byggje ei reservebru ved Fardal på riksveg 55 mellom Sogndal og Leikanger. Flaum i elva skadde fundamenta, og heile brua står i fare for å rase ut. Brua har vore stengd for køyretøy sidan måndag ettermiddag. Det er førebels uvisst kor tid ei provisorisk bru kan vere på plass.

Bergens Tidende presenterte for kort tid sidan den nye rassikringsplanen for Vestlandet. I følgje vegvesenet kjem dei ikkje til å endre på planane for sikring som følgje av storregnet måndag.

— Eg kan ikkje sjå at det skal vere nødvendig å gjere nye vurderingar. Det vi opplevde måndag var at det gjekk ras på stader vi aldri har drøymt om at det kunne komme skred. Vi hadde ein situasjon som var heilt ekstrem, seier Paal Fosdal.