Det opplyser fungerande pressetalsmann i Forsvarsdepartementet, Kåre Helland-Olsen til Bergens Tidende.

— Det har vore drøftingar om saka på politisk nivå mellom Forsvarsdepartementet og Miljøverndepartement over ei viss tid. På slutten kom også statsministerens kontor inn i biletet, opplyser Helland-Olsen. Drøftingane har skjedd på statssekretærnivå, legg han til.

Sterkt medverkande

På informert hald får Bergens Tidende vite at det søkelyset som Bergens Tidende retta mot konflikten mellom UNESCO-nominasjonen til verdas kulturarv og det planlagde bombefeltet, var sterkt medverkande til den raske politiske avklaringa av saka.

Bergens Tidende skreiv om denne saka fredag. BT påpeika at det var Bondevik sjølv som kunngjorde at regjeringa hadde gjort vedtak om å nominere Nærøyfjorden og Geirangerfjorden til den fornemme UNESCO-lista. Alt dagen før vart statsminister Kjell Magne Bondevik orientert om at BT ynskte hans kommentarar. Bondevik var då i Hellas, men kom heim seint torsdag kveld.

Fredag avslo Bondevik å kommentere saka overfor BT og viste vidare til Forsvarsdepartementet trass i at det var han sjølv som hadde kunngjort nominasjonsvedtaket.

I går avgrensa Bondevik seg til å seie at han hadde spela berre ei «beskjeden rolle» når det galdt kuvendinga i flybombesaka.

Sponheim

Også andre regjeringsmedlemer skal ha engasjert seg i saka, etter det Bergens Tidende får opplyst. Det er her nærliggande å trekke fram landbruksminister Lars Sponheim, som har hatt ei klar oppfordring til å engasjere seg gjennom dei vedtaka Venstre i hans eige heimfylke og landsstyret har gjort i saka.

— Venstre sine regjeringsmedlemer har hatt eit klart engasjement i saka, seier Sponheim til BT.

Det er såleis ikkje treffande å framstille kuvendinga i saka som eit resultat av frie, sjølvstendige vurderingar som er gjort i Forsvarsdepartementet.

Nokså pussig blir det også når gruppeleiaren for Voss Høgre, som har ivra for utgreiing om skytefelt, i går framsto som den store sigerherren, etter snuoperasjonen.

— Mange har reagert og kontakta meg om dette forholdet. Sjølv vil eg avstå frå å kommentere det spørsmålet, seier ordførar Bjørn Christensen på Voss til BT.

Sjølv meiner Christensen det er trykket frå den tilstundande kommunevalkampen som har blitt utslagsgjevande.

— For dette var ei sak som ville engasjere heile Vestlandet, seier han.

KJELL MAGNE BONDEVIK.