— Radioaktive utslepp frå Sellafield og den planlagde transporten av atomavfall frå Sellafield til Japan langs norskekysten er årsak til sterk uro hjå det norsk kystfolket, som er avhengig av livet i havet, sa statsministeren.

Han streka under at ansvaret for få bukt med desse utsleppa ligg på nordsjølanda sjølve, og at konferansen i Bergen gav eit framifrå høve til å gripa tak i problemet.

Bondevik nemnde og problemet med framande organismar som kjem inn i nordlege farvatn gjennom ballastvatn som skip tømer i havet.

— Dette gjev skræmande utsikter, sa Bondevik, og gjorde det klårt at han venta resultat frå konferansen på dette punktet.

Statsministeren gløymde ikkje at Noreg sjølv har svin på skogen når det gjeld havmiljøet. Til dømes oljeindustrien. Men han trudde det var mogleg å halda ein berekraftig jamvekt mellom utnytting av havressursane og interessene knytt til offshoreindustrien.

— I havmeldinga som regjeringa nettopp har lagt fram, foreslår vi eit breitt forskingsprogram på verknadene av utslepp til havet frå offshoreindustrien. Det er ei viktig utfordring for oss å utvikla teknologi for å minska desse utsleppa, sa statsminister Kjell Magne Bondevik.