«Släpp fångarna loss det är vår», heiter det i songen til filmen av Hasse og Tage. Men det er ikkje vårstemning som har fått Kriminalomsorga region Vest til å satse på gardsbruk som fengsel.

NRK Sogn og Fjordane kan melde om denne nye soningsforma. Dei innsette ved fengselet i Vik skal sleppe låste dører, og snarare møte morgonen ved hanegal og verte odla gjennom hardt arbeid.

Reduserer tilbakefall

— Dei innsette skal arbeide saman med gardbrukaren. Han eller ho skal vere rettleiar, seier assisterande direktør i Kriminalomsorga region Vest, Leif Waage.

Han meiner gardsarbeid er veleigna for å trene opp innsette. Ikkje berre er arbeidsoppgåvene mangearta, men her finn ein og gode sosiale situasjonar.

— Vi får ein ro over den sosiale situasjonen som kan hjelpe til med å gjere fangane betre i stand til å møte livet etter soninga, seier Waage.

— Kva er målet med ei slik soningsform?

— Vi trur vi på denne måten kan redusera risikoen for tilbakefall. Mange innsette får nye dommar etter avslutta soning. Dette tiltaket kan hjelpe dei til å handtera eit vanleg liv.

Positive fangar

NRK Sogn og Fjordane har intervjua ein av fangane ved fengselet i Vik. Han er positiv til å sone på gard. For i fengselet er det ikkje mykje å ta seg til.

— Det er kjedeleg. Omgang med andre menneske gjer at ein vert i betre humør. I dag går tida for det meste med til å sjå på fjernsyn og snakke med andre fangar. Det vert lange dagar, seier han.

Nyleg avgått leiar i Vik bondelag, Jon Nummedal, helser nyordninga velkomen.

— Det kan vere positivt og samstundes gje ein god arbeidshjelp for oss bønder. Vi har mange ulike arbeidsoppgåver som og kan gje eit godt tilbod til fangane. Det kan ikkje skade å kome ut på landet i frisk luft og i arbeid.

Grøn omsorg

I Vik har innsette vore i arbeid på gardane i tidlegare år, men ikkje på garden til Nummedal. Han trur bøndene i Vik vil ta i mot innsette frå fengselet i bygda på ny.

— Grøn omsorg er på veg inn i næringa. Økonomien er pressa på alle kantar. Billeg arbeidshjelp som dette, vil vere eit potensial.

Tidene har skifta. Det har gått nokre år sidan diktaren Jakob Sande skreiv slik om huset i Vik i diktet Synd og soning:

_«Eit steinmura hus i Midtre Sogn

har hyst mang ein ussel stakkar,

Dei kom ikkje dit med hest og vogn

og kuskar med fløyelsfrakkar.

Nei, snarare kom dei som klavenaut

førd av eit stemnevitne

og nista dei førde var stampegraut

der sjeldna dei sul såg kvitne»._