Grunnen er dei store rovdyrskadane i området dei siste åra. Sist sommar gjorde jerv og gaupe stor skade i fleire beiteområde. Største tapa kom i Luster og Sogndal, overraskande nok i område der det før ikkje er registrert større angrep frå rovdyr.

— Rovdyrskade på småfe er største dyrevernproblemet vi har. I ein akutt situasjon i 2006, kan det bli gitt påbod om tidleg sanking. Det kan også bli aktuelt å setje forbod mot å sleppe dyr på beite, skriv tilsynet i eit brev til alle sankelaga i Indre Sogn.

Mattilsynet meiner ein situasjon der det blir klart at eit skadegjerande rovdyr går laust i fjella, er så alvorleg at bøndene kan få pålegg om å hente ned dyra. Dersom det i vår blir påvist ynglande jerv i eit beiteområde, og hiet ikkje blir teke ut, kan dette aktualisere eit forbod mot å sleppe sauene på fjellbeite.

— Vi innser at dette er tiltak som vil ramme ein uskuldig tredjepart, men for oss veg omsynet til dyrevelferd tyngst, understrekar Merete Lunde, leiar for distriktskontoret for Mattilsynet i Indre Sogn.

Tilsynet minner også om at bøndene pliktar å sjå til beiteområda minst ein gong i veka, og meiner dette må skje oftare dersom det er fare for rovdyrskade:

— Dersom det er stor fare for rovdyrangrep, bør bøndene leige inn ekstra hjelp.

Indre Sogn er eit område som er svært godt eigna for sau. Fjellbeita er svært gode, og det finst nesten ikkje flått eller romegras som gjev sjukdom på sau andre stader på Vestlandet.

— Slik vi ser det må rette tiltaket for oss vere å redusere jervestamma, og syte for at det ikkje skjer yngling av jerv, påpeikar tilsynet.