I fleire bygder i Sogn og Fjordane gjekk bøndene i helga til fjells for å sjå etter saueflokkane sine. Det er slett ikkje uvanleg. Det som derimot er uvanleg, er at dei også leita etter bjørnespor.

— Det blir litt spesielt. Vi engstar oss sjølvsagt for at dyr kan bli tekne, seier Kjell Olav Kusslid. Med 400 sauer som skal på fjellbeite i sommar, er gardbrukaren på Grøneng i Haukedalen mellom dei største sauebøndene i området.

Hundrevis av sauer

— Vi har ikkje noko alternativ. Vi må sleppe sauene til fjells, seier Kusslid.

I følgje bonden på Grøneng i Haukedalen held dyra seg framleis forholdsvis langt nede og nær busetnaden.

— Det er ikkje så mange som har trekt til dei høgareliggjande fjellbeita.

— Såg du spor etter bjørn?

— Heldigvis ikkje. Men eg fann eit lam som var drepe av ørn, fortel Kusslid.

Hundrevis av sauer beitar i områda frå inst i Haukedalen og mot Jostedalsbreen. Her er det kort veg, både over til Fjærland og til Jølster.

- Kan måtte kutte sauehald

På nabogarden på Grøneng er mjølkeproduksjon hovudinntektskjelde. Men Lars Gjerland held seg med 16 vinterfôra sauer:

— Det har vore ein tradisjon å ha nokre dyr på garden, mest til eige bruk. Men om vi får eit rovdyrproblem i området, kjem eg til å kvitte meg med dei. Eg orkar ikkje at dyra skal lide.

Nabobygdene Fjærland i Sogndal og Haukedalen i Førde var frå gamalt av rekna som bygder med mykje bjørn. På 1800-talet heldt eit dusin brunbjørnar til i området. Siste gongen det blei sett bjørn i Haukedalen var rundt 1890, då nokre stølsjenter såg bamsen.

— Eg er no i grunnen meir skeptisk til dette med ulv og jerv. Jerven har gjort stor skade i Indre Sogn, og siste åra har vi med jamne mellomrom sett spor her i området. At det no kjem melding om ulv frå Indre Sogn, uroar også. Dette er begge rovdyr som kan gjere veldige innhogg i saueflokkane, seier Gjerland.

Tilfeldig

Sjølv gjekk han i helga over Jostefonna, så langt at han kunne sjå ned til nabobygdene på andre sida av breen. Men der var verken bjørn eller bjørnespor å sjå.

— Eg trur sjansen er størst for å oppdage han når han kryssar vegar, meiner Gjerland.

— Korleis opplever sauebøndene at det er ein bjørn i området?

— Dei fleste er nok veldig påpasselege med å sjå til dyra no. Og eg trur alle har grunn til å vere engstelege. Om han ikkje vandrar austover att, trur eg det er heilt tilfeldig kvar han dukkar opp. Det seier seg vel sjølv når han har vore i Gaular, Fjærland og Førde på tre veker.

Ved miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har dei så langt ikkje fått inn søknader om fellingsløyve. Fylkesmiljøvernleiar Nils Erling Yndesdal har tidlegare sagt at bjørnen må gjere meir skade, før det blir gitt løyve til jakt.