Positiv, kreativ og rimeleg fornøgd med livet sitt. Men også uroleg for økonomien, og konservativ når det gjeld haldningar og verdiar.

Dette er typiske trekk ved den moderne norske bondemann og bondekvinne, ifølge doktorgradsavhandlinga «Levekår og livskvalitet i landbruket» ved Universitetet i Bergen.

Forskar Kjersti Melberg har intervjua 700 norske gardbrukarpar, og brukt ei levekårsundersøking blant bønder frå 1995 som hovedmateriale. Arbeidet er gjennomført ved Rogalandsforskning

— Mitt inntrykk er at kvinner og menn i landbruket stort sett er fornøgde med livet, og finn oppriktig glede i små ting. Å drive ein gard saman blir opplevd som gjevande, fortel Melberg til BT.

Samanvevde liv

Ingen andre livsformer i det norske samfunnet kan samanliknast med livet på ein gard, som utgjer ei heilt spesiell ramme rundt eit samliv. Melberg har studert korleis dynamikken mellom mann og kvinne, arbeidsfordeling, livssituasjon, helse og økonomi påverkar gardbrukarparets livskvalitet.

— Ektepar og sambuarpar er den viktigaste arbeidsmessige og sosiale eininga på norske gardar, forklarar ho.

— Dei lever så samanvevde liv. Hans livskvalitet er avhengig av hennar levekår, som inntekt, og omvendt.

Stereotypien av den norske bonden er ikkje akkurat ein drømmemann. Han blir ofte framstilt som mutt, taus og usosial. Men slike karar har forskaren møtt få av.

— Tvert imot opplever eg at dei fleste organiserer kvardagen fint, og trivest med den. Det er viktig for dei å ha ein partnar, fordi det gir sosial støtte og modererer stress, forklarar Melberg.

Tre livsstilar

Men bøndene er derimot meir tradisjonelle i levesett og handlingar enn folk flest.

— Kvinna tek meir ansvar for heimen, og har oftare jobb utanfor heimen, mens mannen har hovedansvaret for garden, seier forskaren, som deler dei norske bøndene inn i tre ulike livsstilar.

Den ressurssvake: Kjenneteikna av låg utdanning, låg inntekt (under 300.000 kroner i året), ingen jobb utanom gardsbruket, ikkje næringsutvikling. Finst særleg på Vestlandet og i Nord-Norge. Ofte kvinner.

Den ressurssterke: Vidaregåande utdanning, høg inntekt (over 500.000) relativt stor gard, annan næringsutvikling i tillegg og arbeid utanfor garden. Finst særleg Austlandet.

Den typiske: Middels utdanning, middels inntekt (mellom 300.000 og 500.000 kroner) og oftast middelaldrande menn. Denne livsstilen finst særleg i Akershus, Rogaland og Trøndelag.

— Eg har møtt svært mange positive, kreative og idèrike bønder, og eg trur at det er dei som blir igjen i landbruket: Dei som er istand til å finne nye næringsvegar og skape nye nisjer, sier Melberg til BT.

Lykka er ein arvtakar

— Korleis står det til med norske bønder om ti års tid?

— Eg trur dei er endå færre enn i dag, men at det er dei «solide» som er igjen; dei som er interesserte i å drive gard og trivest med livsstilen. Endå fleire gardbrukarar og ektefeller kjem til å ha arbeid utanfor heimen, seier Melberg.

Men sjølv om bonden har ein make, er sjølve yrket einsamt. Nær tjue prosent av dei norske bøndene fortel at dei føler seg aleine iblant.

Interessant er det at den mannlege gardbrukarens livskvalitet blir positivt påverka, dersom han veit at ein arving kjem til å ta over garden. Spørsmålet om odelsarving betyr derimot ikkje like mykje for den kvinnelege partnaren.

— Dette fortel noko om dei ulike rollene han og ho - som gardbrukar og ektefelle eller sambuar - har på garden, seier Kjersti Melberg til BT.