TERJE ULVEDAL

— Dei som driv jordbruk i dag har ikkje økonomi som den store drivkrafta. Det er nok meir tradisjonar, livsstil og tilknyting til garden som motiverer dei til å halde fram, seier rådgjevar Heidi Knutsen ved Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF).

NILFs årlege driftsgranskingar i jord- og skogbruket viser at vederlaget for eit årsverk i vestlandslandbruket no er tilbake til 1975-nivå. Dette var den tida då bondeorganisasjonane fekk gjennomslag for målet om at bøndene skulle ha ei inntekt tilsvarande ein gjennomsnitts industriarbeidar. Gjennom jordbruksoppgjera blei bondens inntekt i åra etter 1975 auka.

Frå 184.000 til 134.000

Omrekna til 2003-kroner var vederlaget til arbeid og eigenkapital i landbruket 184.100 kroner per årsverk i 1980. Sidan har det, med nokre få års unntak, gått jamt nedover. I 2003 var summen 134.000 kroner.

— I 1975 var det rett i underkant av 133.000. Bøndene er altså omtrent tilbake der dei var i 1975, konstaterer Heidi Knutsen.

Undersøkinga NILF presenterte i går omfattar 177 bruk i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Hovudtendensen er klar samanlikna med året før. Driftsresultatet i jordbruket går stadig nedover. Det gjeld for dei fleste produksjonar. Berre sauehaldet har hatt ein marginal oppgang, men der er også inntektene frå før suverent lågast. Driftsoverskotet for kvart sauebruk på Vestlandet var i fjor 38.400 kroner.

Hordalandsbonden på botn

For første gong sit bøndene i Sogn og Fjordane att med fleire kroner enn kollegaene i Hordaland. For i Hordaland rasa nemleg driftsoverskotet per bruk frå 201.000 kroner i 2002 til 158.400 i fjor.

— I utvalet vi brukar for Hordaland ligg det inne ein god del Hardanger-bruk som satsar på frukt. Fruktdyrkarane hadde eit svært dårleg år i fjor, medan året før var godt. Det gjer at utslaget blir stort, seier Knutsen.

Ho seier at auka produksjon frå mjølkebøndene i 2003 er ein viktig grunn til at inntekta frå gardane i Sogn og Fjordane har gått opp med kring 10.000 til 171.500 kroner.

— I tillegg opplevde mjølkebøndene i Sogn og Fjordane ein mindre nedgang i literprisen enn kollegaene i Hordaland.

— Men kva er grunnen til det, dei leverer vel til same meieriet?

— Det kan vere fleire årsaker. Ein av dei kan vere kvalitet. Meieriet betaler også etter kvaliteten på produktet dei får inn, seier Knutsen. Før ho understrekar at ho ikkje har grunnlag for å seie at gardbrukarane i Sogn og Fjordane leverer betre mjølk enn naboane i sør.

Utanom bruket

Årets NILF-gransking stadfestar utviklinga mot at bondefamiliane får ein stadig større del av inntekta frå arbeid utanfor bruket. I 2003 henta gardbrukarfamiliane 58 prosent av den samla inntekta frå arbeid som ikkje var knytte til garden. For 30 år sidan kom 15 prosent av bondefamiliens inntekt frå anna arbeid.

— Bøndene kompenserer reduksjonen i inntening på gardsdrifta, med å skaffe seg andre inntekter. Det må nok svært store strukturendringar til dersom fleirtalet av norske bønder skal leve av inntekta frå garden, meiner NILF-rådgjevar Knutsen.

— Men kor lenge orkar dagens bønder å ha to jobbar? Og vil odelsgutane og -jentene finne seg i det i framtida?

— Det er det store spørsmålet.