Bergen er ein av fem kommunar i landet som skal delta på eit treårig utviklingsprosjekt, der personar med demens skal få eit dag— og overnattingstilbod på gard.

Fjøsarbeid, bærplukking, turar og hagearbeid skal bidra til å halde dei eldre unna institusjon.

— Målet er å starte opp til hausten viss vi klarer å finansiere prosjektet. Vi er i ferd med å undersøkje kva gardar som er aktuelle, og konsentrerer oss om Fana og Åsane, seier Per Waardal, rådgjevar på byrådsavdeling for helse og omsorg.

Denne veka har byrådsavdelinga vore på synfaring på fem ulike gardar, og til hausten blir det klart kven som får oppdraget.

Betre livskvalitet

Bakgrunnen for prosjektet er gode erfaringar frå eit tidlegare prosjekt i regi av Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse, der mellom anna Kvam kommune deltok. Erfaringane viser at eit tilpassa dagtilbod kan utsetje behovet for institusjonsinnlegging med inntil eitt år.

— Personane kom seg ut av isolasjonen som mange hamnar i etter å ha fått demens. På garden opplevde dei å kome til nytte igjen, og slik fekk dei betre livskvalitet, seier prosjektleiar Elin Aarø Strandli.

Gevinsten viste seg også for dei pårørande.

— Eit slikt avlastningstilbod gjer at pårørande greier å stå lenger i omsorgsrolla, og dermed utset ein behovet for eit høgare omsorgsnivå.

_Les også:

Positive erfaringar frå Kvam_

Økonomisk gevinst

Liv og Robert Berentsen er blant gardbrukarane som ønskjer å ta imot personar med demens. På Sætregården i Åsane driv dei besøksgard og rideskule, og har opplegg for både ungdom og psykisk utviklingshemma.

— Vi har god erfaring med å blande born og vaksne. Det skaper eit godt sosialt miljø, seier Robert Berentsen.

På tunet sprett kaninane kring, medan hestar og sauer beitar på bøane. Ekteparet trur rolege omgjevnader langt frå trafikk, vil gjere godt for dei demente.

— Frisk luft og aktivitet gjer at ein søv betre. Her kan dei stelle med dyr, gå tur, drive med matlaging eller vedhogst, fortel Liv Berentsen.

Helsebyråd Liv Røssland tykkjer prosjektet er spennande.

— Dette er ei form for nytenking innanfor eldreomsorg som vi er veldig positive til å vere med på.

Finansieringa av prosjektet skal delast mellom kommunen, fylkeskommunen og staten.

— Det er førebels uklart kva det vil koste, men det blir i alle fall langt billegare enn å ha personane på institusjon, seier Waardal.

Skal overnatte

I det nystarta prosjektet er målet å utvide gardsopphaldet til eit heildøgnstilbod.

— Overnattingstilbod var noko som blei etterspurd av brukarane sjølv, forklarer Strandli.

— Kvifor satsar de på landbruket?

— Gardar innbyr til aktivitet og brukarane får stimulert sansane sine. Tilbakemeldingane både frå brukarar, tilsette og pårørande var eintydig positive, seier Strandli.

I dag er det eit mangelfullt utbygd tilbod for heimebuande personar med demens. Ei landsomfattande undersøking viser at berre 6,5 prosent av desse har eit tilrettelagt dagtilbod.

— For pasientar i ein tidleg fase av sjukdomsutviklinga er sjukeheim eit dårleg alternativ som dei har problem med å identifisere seg med, seier Strandli.

Ho seier det er viktig å starte tidleg med eit tilbod til personar med demens for å kunne førebyggje tilleggslidingar, som blant anna depresjon.