— Me håpar Bergens Tidende tar dette med eit smil. Med vår utgåve av BT ønskjer me å få fram korleis norske aviser burde dekka norsk landbruk, seier leiar Marta B. Meland i Hordaland Bondelag.

Fem representantar frå bondelaget aksjonerte på jernbanestasjonen i morgontimane i dag. Bergensarane fekk utdelt bondelaget si utgåve av BT, samt ein yoghurt.

Kuppa 55 lokal- og regionsaviser

Bøndene har aksjonar i heile landet i dag, og har kuppa 55 lokal- og regionsaviser, samt Dagens Næringsliv.

— At me tar i bruk BT sin logo, er humoristisk meint. Men det er også eit lite spark til BT. Mange meiner at avisa helst held seg med fiffen i Bergen, og bryr seg lite om bøndene i distriktet, seier Meland.

Bøndene meiner norsk landbruk no går inn i ein kritisk fase.

— Fleire og fleire bønder sluttar, fordi det er lettare og meir gunstig å ha andre jobbar, seier Meland.

- Uakseptabelt

Sjefredaktør i Bergens Tidende, Einar Hålien liker ikkje bøndene sitt PR-stunt.

— Det er heilt uakseptabelt å stela namnet vårt. Ved at eg kommenterer denne saka får dei det som det vil - dei får merksemd om si sak. Men samtidig er denne informasjonsstrategien så kritikkverdig at eg må uttala meg, seier Hålien.

Han trur ikkje dei vinn tilhengarar på stuntet sitt.

— Eg trudde informasjonsbransjen hadde slutta med slike barnslege provokasjonar. Dei burde ha lært at det verkar mot si hensikt, seier sjefredaktøren.

- Harmlaust

Leiar i Norges Bondelag, Bjarne Undheim, meiner stuntet er harmlaust.

— Me hadde forventa reaksjonar, og har forståing for det. Men eg synest heller avisene bør sjå på dette som ei ære. Det viser berre kor viktige avisene er i samfunnet, seier Undheim.

— Kvifor tok de ikkje kontakt med avisene på førehand?

— Viss me skulle ha spurd alle redaktørane om lov, ville heile poenget ha vore vekke. Målet vårt er å få merksemd, og det hadde me ikkje fått like mykje av dersom avisene blei varsla, seier bondelagsleiaren.

Han seier vidare at avisene er i sin fulle rett til å forfølgja saka, men at han håpar at dei ser humoristisk på det.

Både pris og subsidiar

Aksjonistane krev både høgare råvareprisar og større overføringar frå staten.

— Særleg for småbønder, som det er mange av på Vestlandet, er ikkje ein prisauke nok. Dei treng i tillegg overføringar frå staten for å kunna driva jordbruk, seier Undheim.

Bøndene får rundt 11, 5 milliardar kroner i budsjettoverføringar. I fjor var rammeauken på 975 millionar kroner. Prisauke utgjorde halvparten av dette beløpet.

Bøndene har enno ikkje talfesta krava sine, men Undheim seier at dei vil kreva meir enn i fjor.

— Fjorårets oppgjer skulle sikra kvar bonde 17 000 kroner meir i året. Men dette har ikkje slått til, fordi kostnadene har auka mykje meir, ifølgje Undheim.

Forelda konflikt

Organisasjonssjef Lars Peter Taule i Hordaland Bondelag er blant dagens aksjonistar i Bergen. Han meiner den gamle konflikten mellom bøndene og industrien er forelda.

— Argumentet for låge matvareprisar har vore at maten ikkje må ta for stor del av lønna til folk. Det har til dømes gjort det lettare å godta lågare løner for industriarbeidarar. Men i dag bruker eit norsk hushald berre 10-11 prosent av inntekta si på mat. Då fell argumentet bort, meiner Taule.

Varslar aksjonar

Jordbruksforhandlingane begynner 25. april og skal etter planen avsluttast 16. mai. Viss det blir brot, lovar Undheim aksjonar.

— Eg kan lova at det blir bråk, og at det vil merkast godt i samfunnet. Men me held korta tett til brystet enn så lenge, seier bondelagsleiaren.

Kva synest du om PR-stuntet og krava til bøndene? Sei di meining her.

AKSJON: Inger Samdal deler ut bonde-BT og yoghurt til forbipasserande.
BORGHILD BERGE
BONDE-BT: Bøndene har kuppa 55 lokal- og regionsaviser. Deriblant Bergens Tidende.
BORGHILD BERGE
SJARMOFFENSIV: Organisasjonssjef Lars Peter Taule prøvde å få innpass hos bergensarane på jernbanestasjonen i dag.
BORGHILD BERGE
KRITISK: - Det er uakseptabelt å stela namnet vårt, seier sjefsredaktør Einar Hålien i Bergens Tidende.
Lillebø, Jan M.
AVVISER KRITIKKEN: - Dette er harmlaust. Me gjer det med glimt i auget. Eg håpar redaktørane også ser humoristisk på det, seier bondelagsleiar Bjarne Undheim. ARKIVFOTO: MORTEN HOLM