Grunneigar Anders Fretheim i Flåm fekk ei rekning i posten på 3000 kroner etter at kommunen fjerna eit protestbanner han hadde hengt opp, skriv Sogn Avis.

Nært vegen

Denne veka sette Fretheim opp eit banner på brua til Fretheim. Teksten ‹‹Save the salmon — no cruise ships» fylte om lag 15 meter. Brua ligg nær den kommunale vegen og parallelt med Flåmsbana.

Aurland kommune meinte banneret var trafikkfarleg, og fjerna det onsdag.

— Eg kjem til å klaga på dette og tykkjer det er langt i overkant med 3000 kroner. Eg brukte sjølv berre ein time på å hengja banneret opp, medan i rekninga dei har sendt ut, skal dei ha betaling for at dei kom med to tilsette og brukte fleire timar på å få det ned. I tillegg skal dei ha betalt for køyring tur-retur to gonger til Flåm, seier Fretheim til Sogn Avis.

- Kneblar ytringsfridomen

Han har fått banneret attende og svarer dette på avisa sitt spørsmål om han vil hengja det opp att:

— No har eg det liggjande her heime i alle fall, og eg har mange plassar å hengja det opp.

Auland kommune skriv i eit vedtak at dei ser på reklamen som så trafikkfarleg at den må fjernast straks utan førehandsvarsel, slik det er heimel for i veglova paragraf 33, fjerde ledd.

Fretheim oppfattar vedtaket som ei knebling av ytringsfridomen.

Rundball-aksjon

Dette er ikkje fyrste gong Fretheim og nokre andre sambygningar protesterer mot cruiseturismen i Flåm.

På rundballar i bygda stod det i klartekst på fleire språk i sommar: «No cruise ships», «No grandi navi».

— Dette er ein slags reaksjon på år med frustrasjon. Vi har prøvd i fleire år å kome i dialog med kommunen og havnevesenet utan å få respons, sa Anders Fretheim til BT då.

Ikkje alle var like nøgd med protestane. Heilt i starten av august vakna Fretheim til at protestballane var skorne i stykker.

I løpet av sommarsesongen er rundt 250.000 cruiseturistar innom Flåm, som har omkring 300 fastbuande.

PROTEST: Slik vart turistane ønskt velkomen til bygda Flåm i Aurland i sommar.
Anders Fretheim
PROTEST MOT PROTESTEN: Slik såg rundballane ut etter hærverket tidleg i august.
Anders Fretheim
CRUISESHIT: Klar beskjed til turistane i sommar.
Anders Fretheim