Fjorårsrekneskapen viser at bompengeselskapet AS Fjærlandsvegen har ein negativ eigenkapital på 123 millionar kroner.

I teorien er selskapet nær konkurs. I praksis kan det ikkje bli slått konkurs. Låna bompengeselskapet har tatt opp, er nemleg sikra gjennom ein fylkeskommunal garanti. Klarer ikkje selskapet å betale gjelda, må fylkeskommunen innfri garantien. Konsekvensen av eit slikt utfall vil sannsynlegvis vere mindre pengar til andre veganlegg.

150 kroner

Ein annan konsekvens kan vere auke ifrå før skyhøge bompengetakstar. I dag kostar det 150 kroner å passere bommen i Fjærland med ein vanleg personbil. Vogntog betaler 700 kroner. AS Fjærlandsvegen har tidlegare antyda at det kan gå mot ein årleg auke i takstane på ti prosent for å betale ned gjelda.

Fylkeslaga i Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti krev no reduserte bompengesatsar. Dei fire ber sine respektive stortingsgrupper gå saman om å ta opp ei sak om ekstra nedbetaling av gjeld på 200 millionar kroner. Ein slik gjeldsreduksjon kan redusere bompengetakstane til 80 kroner for personbilar og 250 kroner for vogntog.

Kuttar ut fylket

Dei fire partia ser det som heilt nødvendig å få ein reduksjon i prisane på å køyre vegen. Fjærlandsvegen er den viktigaste samferdsleåra mellom Sogn og resten av fylket. I tillegg er det den mest brukte vegen gjennom Sogn og Fjordane og til Austlandet.

Dagleg går store vogntogtransportar med fisk frå kysten av Sogn og Fjordane over Fjærlandsvegen til marknader på Austlandet og vidare nedover i Europa. I tillegg er også turistnæringa storbrukarar.

— Dei store kostnadene som i dag ligg på denne strekninga er både for intern trafikk i fylket og den resterande trafikken sterkt konkurransevridande. Innanfor turistnæringa har vi sett at store operatørar faktisk vel å utelukke Sogn og Fjordane på grunn av dei høge bompengetakstane, kommenterer Frp-politikar Jostein Kvalsvik.

Fleirtal i komiteen

Det var Kvalsvik som tok initiativ til utspelet som blei presentert i samband med fylkestinget for Sogn og Fjordane i går. Frp-representanten meiner det bør vere godt grunnlag for å få framlegget gjennom, fordi eit fleirtal i samferdslekomiteen i vår bad regjeringa innføre maksimumssatsar på bompengar.

I Stortinget var det Ap, Frp, Sp og SV som utgjorde fleirtalet i komiteen. No er det dei fire fylkespartia i Sogn og Fjordane som tek sine folkevalde på Stortinget på ordet.

— Det skuffande er at regjeringa ikkje har tatt omsyn til dette i framlegget til statsbudsjett. Vi har oppfatta regjeringspartia som veldig negative til eit framlegg om å redusere høge bompengetakstar, seier Kvalsvik.