VEGAR VALDE

— Såg du, ho heldt på å rygga på meg, seier han, litt fælen.

-Du skulle no gitt ho ein dult, og gått ut og kjefta etterpå, kjem det inne frå luka.

Desemberdagen i bomstasjonen på Flatøy er blitt mørk. Hege Nygård Dale og Kari Soltveit har lang fartstid som pengeinnkrevjarar. Når det blir kveld og trafikken minkar, set dei seg gjerne i same bua og tek kvar sin retning. Med knipetong i neven klipper, vekslar og småpratar dei seg gjennom kvelden. Kommentarane flyg lågt inn og ut hola i pleksiglaset.

— Sit de hand i hand i kveld?

— Det er plass til deg òg, svarar jentene.

1,4 milliardar

I 1969 blei det innført bompengar over Salhusfjorden, først som ein del av ferjebilletten, sidan med eigen bom. Mange millionar bilar har passert. Meir enn 1,4 milliardar norske kroner er samla inn. Nordhordlandsbrua, med tilliggjande herlegdomar er nedbetalt.

— Kva i himmelen har han med seg? Halloen, ungdom!

— No er vi på veg til Nord-Norge med sprengstoff, kjem det frå sjåfør av svær, svart pick-up med underleg tilhengar.

— Kva? Ja ja, det er no òg ein plass.

I 1994 var det snorklipp med konge og stas, ordførarar og fine talar. Vekke blei ferjedekk, kø på kaien og pølsa med brød. Det var etterlengta for mange. Brua gav strilen fridom. I byte mot betaling og nokre trivelege ord har han kunna reisa til by´n nett kva tid han ville. Og det har han gjort, meir og meir. Frå 1995 til i dag har talet på passeringar i døgnet auka frå om lag 6500 til 10.000.

— Hei, kjem du i kveld òg?

— Eg må jo køyra no når eg kan, seier mannen og får att klippekortet sitt.

— Ja, du vil vel slutta når vi er vekke.

Kvar er kortet?

Bompengar har irritert og finansiert, men no er det snart historie for Salhusfjorden sin del. Gjelda er så godt som gjort opp.

Dei har mild framferd, damene denne kvelden.

— Eg finn ikkje kortet. Han flakkar i blikket.

— Køyr fram der og leit i ro og mak, du. Kari roar det heile litt ned og let eit par bilar passera så lenge.

— Han finn det. Vi skal vera snille med ungdommen, dei er framtida.

Ingenting tyder på at trafikken vil minka framover. Då Sotrabrua blei gratis i si tid, auka trafikken med førti prosent, dette er venta for Nordhordland sin del òg.

— Hjelp, eg har bare tre klippekort igjen på blokka mi. Hege er fortvilt i eit sekund.

— Eg får hengja opp ein lapp med «Utsolgt på grunn av stor pågang og innsuling».

Kommentarane sit laust som alltid.

Kjekt arbeid

— Ein trygg og god arbeidsplass, seier Marianne Eide. Ho er tillitsvald for dei tjuetals HSD-tilsette som har hatt bompengar som levebrød, og som no må finna seg anna å gjera.

— Mange blide folk gjer at det skjer noko heile tida. Vi har drive kartopplysing for lastebilsjåførar, fått snudd dei som skal til Oslo og vore turistinformasjon for villfarne tyskarar.

Og om gjengen på brua ikkje akkurat kjenner seg som bompengeordninga sine høge forsvararar, har dei stort sett hatt svar på lur.

— Til austlendingane som kjem her og synest det er dyrt med 45 kroner, seier vi bare at det er fordi vi må betala vegane våre sjølve.

Prognosane i 1994 sa at prisen skulle auka kvart år, til om lag 70 kroner i dag, og bommen skulle stå nokre år lenger. Men meir trafikk og lågare rente har gjort at slik blei det ikkje.

Tar ein trall

Tilbake i mørkret glir ein utanlandsk, liten buss opp langs luka.

— One hundred and fourty, freistar Hege. På minst like gebrokkent blir det mumla eit eller anna om fourtyfive last time, i det køen veks seg lengre ut på brua.

— Always look at the bright side of life, stemmer Hege og Marianne i, og let kunden ha rett.

— Trur ikkje vi hadde tid til den diskusjonen no.

For dei har gjort det til fag å vera raske med tanga og kjappe i replikken. Det har måtta gå kvikt. Og meir tolmod enn reisande flest har dei stundom måtta syna. Når folk må i bagasjen for å henta pengar fredag før pinse og køen står til Vågsbotn, så forstår jo alle at det ikkje er like lett for ein stakkar i bommen å ta heile ansvaret for at det går litt tregt nordover... Dess meir fleksible i kvardagen. Mangt eit transportfirma kan takka bompersonalet for svært tilpassa og praktiske spesialordningar med oppbevaring av klippekort og anna sørvis, heilt utanfor instruksen.

— Tom peng pung, seier mannen i bilen, men eg kjem tilbake om ein halvtime.

— Alt i orden, seier damene, vi må jo stola på folk.

Takk til pendlarane

— Hadde det ikkje vore for alle dei som reiser fast, så hadde jo ikkje dette vore så moro, seier dei og viser til alle dei er blitt kjende med opp gjennom åra.

— Det skal no bli rart dette her, Kari, seier Hege.

— Vi er vel gløymde etter ei veka, svarar ho og seier ut av luka til første og beste:

— No skal vi snart slutta å plaga deg.

— Nei, det er ikkje mykje til plag, kjem det kjapt tilbake og full gass ut på brua.

Vegar Valde