OVE ARNE OLDERKJÆR

— Sjølv om det er slutt på betalte ledsagerturar, så må det ikkje bli slik at det ikkje går an å diskutera ope at ein ønskjer å ha kona med på reisa. Prinsipielt bør det vera mulig å ha kona med, seier Harry Herstad.

— I høve til det som er vanleg internasjonalt, er det naturleg å vurdera å ta med kona på konferansar. Konferansar med høgt ledsagertal gir deltakaren meir ro, arbeidsfred og effektivitet, meiner Herstad.

Blir gjerne granska

Herstad ikkje har noko imot å bli granska av hovudeigar Hordaland fylke.

— Det er utvist dårleg skjøn i ei sak - ledsagersaka mi - elles har vi tilbakevist at vi sløsar med bompengar, seier styreleiaren til BT.

— I tillegg til vedtaket om å ikkje tillata betalte ledsagerturar, har styret óg vedteke å gå kritisk gjennom samarbeidsformer, fullmakter og rutinar.

- Ikkje Concorde

— Kvifor kosta flyreisa til den omtalte USA-konferansen i 2002 60.000 kroner? Brukte de Concorde-fly eller blei billettane kjøpte seint?

— Nei, det var ikkje Concorde, men vanlege fly, og seint bestilt. Eg burde ha sjekka prisen betre på førehand. Eg ville aldri ha gjort det på den måten seinare, seier Harry Herstad.

Innstilling neste år

Seinast i januar 2005 skal ein ad hoc-komité i Hordaland fylkeskommune gi ei innstilling om korleis fylket som deleigar av bompengeselskapa skal handla for at selskapa skal fungera godt og ha tillit blant folk.

Utvalet er samansett av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF), Tom-Christer Nilsen (H), Terje Søviknes (Frp), Gisle Handeland (Ap) og Harald Hove (Venstre).

Vegdirektoratets kritiske revisjonsrapportar om blant andre Sunnhordland bru- og tunnelselskap AS og Osterøy bruselskap AS var bakgrunnen for at Terje Søviknes og Gisle Handeland tok saka opp ekstraordinært på fylkesutvalets møte i Bergen torsdag.

Rimeleg og naturleg

— Det er heilt rimeleg og naturleg at den største eigaren vil setja seg inn i saka, seier Harry Herstad til Bergens Tidende. Han meiner likevel at vedtaket kjem vel raskt, før politikarane har fått gått gjennom «motdokumentasjonen» som SBT-styret i forgårs sende Vegdirektoratet.

Ad hoc-utvalet skal vurdera heile sakskomplekset, herunder styringsforhold og informasjonsflyt. I det samrøystes vedtaket frå fylkesutvalet blir det understreka kva viktig samfunnsrolle bompengeselskapa har, og dei særlege krava til tillit som ei slik rolle inneber.

— Politikarane må no gå gjennom svara våre og skaffa seg grunnlag for om dei har tillit til oss eller ikkje, seier Harry Herstad.