Bomselskap inn på den smale veg

Med Pål Kårbø (31) frå KrF som ny styreleiar skal skandalestempla Sunnhordland bru- og tunnelselselskap (SBT) vengestekkast.

OVE ARNE OLDERKJÆR

Den ekstraordinære generalforsamlinga i SBT hadde ingen innvendingar mot at siviløkonomen frå Meland overtek Harry Herstads plass. Kårbø representerer hovudeigar Hordaland fylkeskommune, som kravde styreutskifting og eit smalare mandat for SBT etter Vegdirektoratets beiske revisjonskritikk før jul.

- All ære til det tidlegare styret for jobben det har gjort. Selskapet har fått til mykje. Men så har det vore nokre uheldige einskildepisodar som er blitt symbolske. Vår jobb er no å byggja tillit, å gå nøye gjennom avtalane som finst, sa Pål Kårbø idet han på Bømlo i går tok fatt på sitt første styremøte i bompengeselskapet som finansierer brorparten av Trekantsambandet.

Ordførarar berga seg
Mange hadde sett at heile styret blei skifta ut etter skandaleoppslaga som SBT blei til del i fjor. Men dei tre sunnhordlandsordførarane som representerer vegprosjektets festepunkt, får halda fram.

Jorunn Skåden (Ap), Sveio, blir ny nestleiar, Stord-ordførar Magne Rommetveit (Ap) og kollega Inge Reidar Kallevåg (H), Bømlo, har og fått fornya tillit.

- Eg er glad for at ordførarane er attvalde. Det er bra for kontinuiteten, seier Pål Kårbø.

Hordaland fylke, som eig 62 prosent av SBT, blir i det nye styret også representert av Hans Otto Robberstad (Bømlo), Mette Holmefjord (SV) og Kjellaug Holm (H). Styret er i første omgang valt mellombels fram til ordinær generalforsamling i juni i år.

- Arrogant
Sjølv om Kårbø tykkjer at bomselskapet har hatt ein uheldig kostnadsbruk, meiner han samstundes at Vegdirektoratet var vel hard i sin revisjonsbaserte dom over SBT.

- Rapporten var vel noko overdriven. Ein kan spørja om direktoratet hadde ein løynd agenda. Ordlyden var arrogant og ikkje heilt nøytral, seier den nye styreleiaren. Avtroppande styreleiar Harry Herstad er sjukemeld, og møtte ikkje på gårsdagens generalforsamling som Hordaland fylkesutval hadde kravd avvikla.

Pål Kårbø fortel at det nye styret no skal gå gjennom avtalane SBT har. Fylkesutvalet krev at selskapet skal reindyrka oppgåva si som pengeinnkrevjar for nedbetaling av bompengelånet, og dermed avvikling av forretningsoppgåva selskapet har for Halsnøysambandet, Bømlopakken og paraplyorganisasjonen Norvegfinans.

- Halsnøysambandet og Bømlopakken går anten ut av vår avtale, eller vi kan få til ein avtale for dei med Vegdirektoratet, seier Kårbø.

- Vi må ha eit ryddig forhold til oppgåva vi har teke på oss. Vi må hugsa at SBT er eit driftsselskap, ikkje eit utviklingsselskap, seier styreleiar Pål Kårbø.

Les også

Siste fra Lokalt

- Det vil komme flere Janne-saker

Bergen må være forberedt på store erstatningskrav som følge av flere tiår med sviktende barnevern, mener barneministeren.

- Det handla om
å halde seg fast

Då Susanne Henriksen (19) vakna opp på kanten av stupet og såg sjøen rett under seg, kom panikken.

Her finner du
UP i sommer

Se listen over strekningene Utrykningspolitiet prioriterer.

- Satt på i 130 km/t.
Nå sitter han i rullestol.

Bremser og dekk var dårlige, men passasjeren har til nå ikke krevd erstatning fra sjåføren på grunn av vennskapsforholdet.

o Baby hentet ut av bil på Lagunen

En fem måneder gammel baby var alene i bil sammen med to hunder. Foreldrene var inne på Lagunen og spiste mat.

Rundetårn kan bli revet

Bybaneplanleggerne utreder et alternativ der det tradisjonsrike Rundetårn må rives eller flyttes. Også Torget vil miste litt plass.

Dette deler våre lesere på Facebook:


Siste saker