JOHN LINDEBOTTEN john.lindebotten@bt.noDå skal dei folkevalde i Lindås seia si meining om å krevja inn bompengar på Nordhordlandsbrua i fire år etter at brua sjølv er ferdig betalt, truleg tidleg i 2006. Mellom dei som alt har bestemt seg i Lindås, leiar nei-sida med 16 (Frp, H og SV) mot 10 (Ap og V). Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti står på vippen, men i båe partia er det sterk skepsis til å krevja inn meir bompengar. For putle — Innhaldet i pakken er for putle. For lite framtidsretta. Pakken er rett nok fin for Radøy, men i Knarvik får vi berre eit par rundkøyringar i staden for tunnel under sentrum, seier gruppeleiar for Sp, Anders Gjerstad, til Bergens Tidende.KrF sin gruppeleiar, Kåre Gaulen, er av same meining. Vanskeleg å tilrå - Eg tykkjer det er vanskeleg å tilrå dette. Utbetringane mellom Isdal og Seim får vi likevel. I Knarvik skal det brukast 50 millionar av bompengar, medan staten sin del er 0, endå det er stamveg.- Men dersom staten legg på sin del, slik at han vert like stor som den planlagte bompengedelen, då kan vi snakkast, seier både Gjerstad og Gaulen. Ingen av dei to let seg påverka av pendlaraksjonen, som har samla inn over 2500 underskifter mot meir bompengar på brunæ. Høgre kan kjøpast Også Øyvind Stusdal, som er gruppeleiar i Høgre og varaordførar i Lindås, kan la seg lokka av meir pengar frå staten.- Vi er prinsipielt imot nye bompengar på Nordhordlandsbrua. Samstundes er vi pragmatiske og ser at regionen treng betre vegar. Så eit sterkare statleg engasjement kan få oss på glid, seier Stusdal.Skulle det enda med nei til bompengepakken i Lindås, vil dei fire kommunane, Meland, Radøy, Austrheim og Lindås, stå to mot to. I Meland går det mot eit klårt nei til pakken, og i Radøy og Austrheim går det mot like klåre ja-vedtak. Ikkje så rart, for Radøy og Austrheim får utan tvil størst glede av bompengepakken.Det er og desse to kommunane som vert dei store taparane dersom bompengepakken fell ut. Radøy-ordførar Olav Steinar Namtvedt vonar på solidaritet frå Lindås og Meland. Ordføraren i Meland, Solbjørg Åmdal Sandvik, som vart åleine med sitt ja i formannskapet, er inne på dette i Strilen måndag. Ho minner om at lindåsingar og radværingar betalte bompengar for vegen Knarvik-Frekhaug i ti år før folket i Meland sjølve vart bedne om å betala. Nord og ned Men med to mot to er bompengepakken dømt nord og ned. Særleg med Lindås som nei-kommune, som i folketal veg like mykje som dei tre andre til saman.Då skal det godt gjerast at fylkestinget seier ja til pakken i juni, og i Stortinget vil sjansane vera endå mindre. Stortinget har sjølv knesett prinsippet om at bompengeavtalar krev breid lokal tilslutnad.På den andre sida er det grunn til å tru av Meland sitt nei vil vega for lite dersom Lindås skulle slutta seg til Radøy og Austrheim sine ja til bompengepakken. fakta/bompengepakken* Nordhordlandsbrua er ferdig betalt kring årsskiftet 2005-2006. Vegsjef Ole Chr. Torpp har, i samråd med Regionrådet for Nordhordland, føreslått at innkrevinga av bompengar held fram i fire år til, men med opptil 30 prosent lågare satsar enn i dag. Inntektene for desse fire åra er rekna til om lag 245 millionar kroner. Torpp ser for seg at staten legg til 120 millionar, og for desse 365 millionar kronene kan Nordhordland få løyst viktige vegoppgåver: * Radøy får god veg mot Manger og Austrheim.* Dårlege parti vert utbetra mellom Isdal og Seim.* Meland får ein mindre del til naudsynt utbetring.* Vegen gjennom Knarvik vert sikrare med to rundkøyringar.* Ein mindre del til gang- og sykkelvegar.