Planen er å krevja inn ca. 25 kroner for kvar passering. Dette skal gje 275 millionar kroner over 15 år.

Pengane skal gå til tre tunnelar mellom Fyksesundet og Norheimsund.

Til sjuande og sist er det Stortinget som avgjer om det vert noko av desse bompengane.

I Kvam formannskap gjekk Framstegspartiet og Arbeidarpartiet i mot bompengepakken.

Saka skal opp i heradstyret 4. september.