— Vi må vera realistiske og halda oss til prosjekt som let seg gjennomføra innanfor bompengepakken. Dersom vi går ut over dette, får vi berre alt i retur. seier Oddvar Brakestad, styreleiar i Kvam Bompengeselskap, til Bergens Tidende.

I førre veka la bompengeselskapet fram utkast til søknad om bompengar for «Kvammapakken». Søknaden har ei ramme på 260 millionar kroner. Bompengar skal krevjast inn på grensa mot Samnanger, i Eikedalen, og på grensa mot Granvin.

— Når det gjeld tunnel under Kvamskogen, må vi innsjå at det enno er langt fram. Men dersom alle ting fell på plass, kan tunnel under Kvamskogen koma som ei utviding av bompengepakken på eit seinare stadium, seier Brakestad.

Start i 2008

Tunnelen forbi Børveneset, mellom Nordheimsund og Øystese, vert dermed det største og dyraste prosjektet i bompengepakken i Kvam. Etter lokal politisk handsaming, er det vona at fylkeskommunen kan få saka unna på fylkestinget i desember. Lukkast det, er det opp til Vegdirektoratet og Samferdsledepartementet å få saka fram for Stortinget før sommaren.

Prosessar som dette har vegpolitikarar i Hordaland vekslande røynsler med. Men Oddvar Brakestad vonar at tunnelen forbi Børveneset kan starta i 2008 og vera ferdig i 2010.

Trafikksikring

Tunnelen er rekna til 90 millionar kroner. I tillegg inneheld bompengepakken følgjande anlegg:

n Gang- og sykkelveg mellom Nes og Tolo, på Rv. 7 Nordheimsund-Øystese. Pris: 40 millionar kroner.

n Trafikksikring langs Rv. 7 over Kvamskogen. Sanering av avkøyrsler, trygge kryssingspunkt, som t.d. gangbruer. Pris: 25 millionar kroner.

n Utbetring langs Rv. 7 mellom Fyksesundet og Granvin grense. Pris 30 millionar.

n Utbetring/trafikksikring på Rv. 49 mellom Vikøy og Nordheimsund.

Til saman kjem dette opp i 200 millionar kroner. I tillegg har bompengeselskapet sett av ein post på 60 millionar som «reserve» for kostnadsoverskridingar, eller for andre naudsynte tiltak på Rv. 7 som måtte koma opp

18 kroner med Autopass

Trafikkgrunnlaget for bompengepakken er rekna til 2610 bilar pr. dag i gjennomsnitt. Med Autopass og rabatt vert taksten for liten bil 18 kroner. Utan Autopass 30 kroner. Tilsvarande for stor bil vert 36 kroner og 60 kroner. Slik sett vert Kvammapakken mykje lik Vossapakken. Det vert innkrevjing i begge retningar. Timesregelen vert truleg innført. Det betyr berre ei betaling dersom du køyrer gjennom Kvam kommune utan stopp. Timesregelen vil og gjelda om du passerer ein bomstasjon og kjem attende gjennom same bomstasjonen innan ein time.

— Mange meiner at trafikken innanfor Kvam kommune slepp atlfor billeg unna dette, og at det burde setjast opp ein bomstasjon mellom Nordheimsund og Øystese. Kvifor vert ikkje det gjort?

— Dei trafikkteljingane som er gjort, syner at 80 prosent av trafikkgrunnlaget for bompengeinntektene er lokaltrafikk til og frå Kvam. Så det er ikkje rett at kvemmingane slepp for billeg, seier Oddvar Brakestad.