Denne endringa vart vedteken i Kvam heradsstyre i går. Endringa var naudsynt etter at Samnanger kommune i fjor haust sa beint nei til bompengepakken for Kvam — Kvammapakken - med bomstasjon på grensa mellom Samnanger og Kvam i Eikedalen.

Styreleiar i Kvam bompengeselskap, Oddvar Brakestad, som og sit i heradsstyret for Høgre, opplyste at Statens vegvesen har vore inne med tydelege råd i denne saka. Ein annan god grunn til å flytta bomstasjonen til Steinsdalen, er og at bompengar skal falla mest mogleg direkte på brukarane av dei vegane som det vert betalte for. Og tiltak på Rv. 7 over Kvamskogen utgjer mindre enn fem prosent av Kvammapakken.

Hardangertunnelen

I tillegg var det svært viktig for Kvam herad å plassera den vestlege bomstasjonen slik at han er tilpassa framtidig finansiering av tunnel under Kvamskogen.

— Og denne tunnelen skal heretter heita Hardangertunnelen , opplyste ordførar Astrid Selsvold under heradsstyremøtet i går.

Bomstasjon nr. 2 skal plasserast lengre inne i Hardangerfjorden, på grensa mellom Kvam og Granvin.

Den 12 kilometer lange Hardangertunnelen frå Steinsdalen til Mørkhølen i Samnanger vert sett på som det aller viktigaste prosjektet i Kvammapakken. Tunnelen inngår likevel ikkje i det som skal finansierast i fyrste runde. Vedtaket frå i går seier at Kvam heradsstyre bed Kvam bompengeselskap senda ein revidert bompengesøknad så snart det ligg føre godkjent reguleringsplan og finansieringsplan for Hardangertunnelen.

Usemje om tunnel

Eit anna nytt element i Kvammapakken er 10 prosent statleg medverknad i fyrste finansieringsrunde. Heile pakken summerer seg til 256 millionar kroner. Største prosjektet er ein tunnel på ca. 1 km. forbi Børveneset, på Rv. 7 mellom Norheimsund og Øystese. Pris: ca. 90 millionar kroner. Kvam Næringsråd har her gått inn for å utvida dagens veg. Leiar i Næringsrådet, Torleiv Ljones, seier til Bergens Tidende at det då kan sparast 40 millionar kroner, som heller bør brukast på den dårlege Rv. 49 mellom Vikøy og Norheimsund.

Med tanke på dette føreslo Arbeidarpartiet i går å utsetja Kvammapakken, men dette fekk berre 10 røyster.

Fare for feriesenter

Ein som var svært lei seg for dette, var Geirmund Nes, som eig og driv Hardanger Feriesenter med hytter og oppstillingsplassar for campingvogner. Feriesenteret ligg mot fjorden, på nedsida av vegen om lag på den staden der innslaget på tunnelen er planlagt.

— Dei må laga avkøyrsle frå den nye vegen til gamlevegen rundt neset. For å få det til, må dei langt inn på mitt areal ned mot fjorden med fylling og mur. Det vil ta bort minst 30 oppstillingsplassar, så det er uvisst om det er mogleg å driva denne feriestaden etterpå, seier Geirmund Nes til BT.