John Lindebotten

Kårbø, som er partiet sin gruppeleiar i fylkestinget, vil ta dette opp når han samlar lokale— og fylkespolitikarar til samferdselspolitisk dugnad i Nordhordland 10. juni.

— Eg trur ikkje det er mogleg å få med Nordhordland på meir innkrevjing av pengar på Nordhordlandsbrua, seier Kårbø, med tanke på utspelet til Bjørn Ove Børnes i HSD Buss i BT måndag.

— Det vi tenkjer oss, er at bompengeinnkrevinga for Nyborgtunnelen til Nordhordlandsbrua vert plassert i sørenden, på Nyborg i Åsane. Og at Steinestøvegen og Salhusvegen vert friteken for bompengar. Ein bestemt del av inntektene frå tunnelen vert så øyremerkt for eit betre busstilbod, seier Kårbø.

Hovudparten av inntektene skal så gå til betaling av tunnelen, men og til naudsynte utbetringar og nye veganlegg i Nordhordland.

Tom Skauge i Bergen SV er meir positiv til Børnes sitt utspel.

— Det er eit svært interessant initiativ, for det er berre ein veg ut av køproblema, og det er vegprising kombinert med eit betre busstilbod. Til no har bompengar hatt ein uheldig fordelingseffekt - der har Frp heilt rett. Men med vegprising får vi noko konkret attende, nemleg billegare buss, seier Skauge.

Ein annan SV-politikar, Åge Rosnes, som er fungerande ordførar på Askøy, er meir varsam.

— Det er svært stor motstand her mot vegprising. Men vi veit og at det berre er eit tidsspørsmål før trafikken står stille. Dette må løysast i samarbeid mellom kommune, fylke og sentrale styresmakter, seier Åge Rosnes.

Samferdsleutvalet i Hordaland skal i dag starta drøftingar om korleis kollektivtrafikken skal greia seg i konkurranse mot personbilen når bompengane fell bort på Nordhordlandsbrua og Askøybrua i 2006. Etter det Bergens Tidende forstår vil Arbeidarpartiet føreslå saka utsett for å få betre tid til partiinterne drøftingar.