Førehandsbompengar på ferja kan verta innført alt frå mai 2006 dersom vedtaket kjem før jul. Proposisjonen føreset innkrevjing på ferja i 5 ½ år frå stortingsvedtaket og til bruopning. Deretter skal innkrevjinga halda fram i 15 år på brua. Taksten på brua er så langt rekna til 110 kroner for liten bil, og 440 kroner for stor bil (over 3,5 tonn).

I finansieringsopplegget er det rekna med at bompengeinntektene på ferja vil bidra med 55 millionar kroner, og på brua med 1.403 millionar kroner.

I tillegg til bompengar skal Hardangerbrua finansierast gjennom fylkeskommunale konsesjonskraftmidlar, kommunale tilskot,, innsparte statlege ferjetilskot og ordinære statlege løyvingar til riksvegføremål. Det siste er i tråd med ved vedtak Hordaland fylkesting.

Hardangerbrua har ei såkalla styringsramme på 1.810 millionar 2005-kroner. Det vil seia at dette skal brua kosta, om vegvesenet sine utrekningar treffer blink..

Så har brua også ei kostnadsramme. Den er på 2.040 millionar kroner, og det er øvre grensa som Stortinget kan godta.

— Bør utsetjast

Om ein ser isolert på samfunnsøkonomien, er Hardangerbrua eit skralt prosjekt. Netto nytte er rekna til minus 1,2 milliardar kroner. Møreforsking har stått for den eksterne kvalitetssikringa av bruplanane. Tilrådinga går ut på at Hardangerbrua bør utsetjast til det er gjennomført ei vurdering der ulike framtidige samband nord-sør og aust-vest vert sett i ein større samanheng. Møreforsking føreslår konkret å utsetja brua i 10-15 år.

Regjeringa på si side legg i proposisjonen vekt på at Hardangerbrua vil gje eit betre lokalt samband i Indre Hardanger, eit betre regionalt samband mellom Voss og Odda og eit betre samband mellom Bergen og Hardanger og vidare mot øvre Hallingdal.

Bru, tunnelar og veg

Møreforsking gjev Statens vegvesen rett i trafikktala som er lagt til grunn for finansieringa av brua, 1.950 bilar i opningsåret. Det gjeld og utviklinga vidare.

Hardangerbrua er planlagt som tofelts hengebru med gang- og sykkelveg. Brua får eit hovudspenn på 1310 meter, som er 30 meter lengre enn den vidkjende Golden Gate-brua i San Francisco. Brutårna vil raga 186 meter over fjorden. I tillegg til brua skal det byggjast 2,4 kilometer vegtunnel og 0,8 kilometer veg i dagen. Det skal og byggjast 0,9 kilometer gang- og sykkelveg fram til brua.

Seglingshøgda for Hardangerbrua vert 55 meter.