— Men bergensarane får mykje att for pengane, seier ordførar Bjørn Christensen i Voss kommune til BT. Han er også styreleiar i Voss og omland bompengeselskap.

Bompengar skal nemleg finansiera tunnel bak Vossevangen og tunnel og utbering av riksveg 13 mellom Voss og Granvin inkludert tunnel gjennom Skjervet.

Forutan at det skal setjast opp bomstasjonen på kommunegrensa mellom Vaksdal og Voss, skal det også vera bomstasjon på riksveg 13 på grensa mellom Voss og Granvin.

— Men ingen skal betala dobbelt om dei køyrer heile strekninga. Pengane vert kravd inn med autopassbrikke. Og vert heile strekninga køyrt på under ein time, skal bilen berre registrerast ein gong, seier Christensen.

Vossapakke

Vegprosjektet har alt fått tilnamnet Vossapakka og er i alt kostnadsberekna til 788 millionar kroner. Tunnelen som går bak Vangen skal kosta ca. 320 millionar kroner. Det omfattar ein vegstrekning på 3,5 kilometer som strekkjer seg frå vest for tettbebyggelsen på Vangen til krysset ved Tvildemoen. 2,4 kilometer av strekninga går gjennom tunnel.

På vegen mellom Voss og Granvin vil to strekningar verta nye. Mest omfattande er nyvegen forbi Skjervet. Dette prosjektet vil kosta i underkant av 350 millionar kroner. Vegen skal i hovudsak følgja den gamle traseen for jernbanen mellom Voss og Granvin. 3,5 kilometer vil vera tunnel. I tillegg skal også vegen mellom Palmafossen og Mønshaug utbetrast.

— Dette blir eit flott prosjekt til stor glede både for trafikantane i distriktet og dei som køyrer mellom Vestlandet og Austlandet, seier Christensen.

Han er ikkje redd for at pendlarane skal verta skremt frå å køyra langs bomvegane.

Rabattar

— Vi har lagt opp til gunstige rabattordningar for pendlarane. Her i kommunen har vi mange som køyrer ofte både mellom Bergen og Voss og Voss og Granvin. Sjølvsagt skal dei ikkje betala full pris.

Bomprosjektet skal mellom anna godkjennast av kommunane Voss, Granvin, Vaksdal og Vik og Hordaland fylkeskommune, før bompengesøknaden går til Stortinget.

Går alt etter planen, kan Stortinget handsama søknaden alt i vår.

— Då kan det verta byggjestart alt i 2007 og ny veg 2010, seier Vossaordføraren.

Men bilastene, dei må rekna med å betala bompengar i 15 år.