For store bilar blir taksten den doble. Med autopassbrikke vankar det rabattar.

— Slik det no ser ut, er 8. desember den mest sannsynlege startdatoen for bompengeinnkrevinga på Vossapakko og Kvammapakken, seier prosjektleiaren for førstnemnde, Lars Magnar Røneid i Statens vegvesen.

Plassert

Etter ein del diskusjon fram og attende, er plasseringa av den siste av fire bompengestasjonar no fastlagt, og blir sett opp nokre hundre meter vest for Bolstadøyri på E16.

Granvin har fått bompengestasjonar på kommunegrensa både mot Voss og Kvam, medan ein stasjon er plassert i Steinsdalen, oppunder Kvamskogen.

Timesregel

Trafikantar mellom Bergen og Granvin må betala to gonger, med mindre ein brukar mindre enn ein time mellom bommane via Voss, halvannan time via Norheimsund.

Dei som vil frå Bergen til Myrkdalen, mot Sogn eller Oslo, passerer berre ein av bomstasjonane og kan ha så langt opphald ein vil på Voss. Tilsvarande gjeld opphald i Norheimsund for trafikk mot Jondal og Kvinnherad.

Dobbel pris

Men mellom Voss og Norheimsund må du betala to gonger, uansett for fort eller sakte du køyrer, og uansett om turen går via Granvin eller Trengereid. Timesregelen gjeld berre mellom dei to stasjonane i same «pakke».