Så spørst det om nye bompengar 3-4 år frå no kan få trafikken over Nordhordlandsbrua attende til 2005-nivået. Mest truleg er det kanskje at trafikken innan 2010 har stabilisert seg på eit nivå langt, langt over dagens. Nye bompengar då vil kanskje ha som effekt å få auken til å flata ut.

Etter mykje sjelekval er i alle fall kommunane i Nordhordland samde om å halda fram med bompengebetaling frå 2009 eller 2010. Det tok si tid, men til slutt innsåg dei at vegane i distriktet ikkje vart betre av seg sjølve. Det demra og for dei at pengar frå staten ikkje ville koma utan at dei betalte minst halvparten sjølv.

Nordhordlandspakken er han kalla. Prisen er rekna til 1,8 milliardar kroner. To og ein halv gonger så mykje som Vossapakko. Og største prosjektet, Nyborgtunnelen, ligg ikkje eingong i Nordhordland, men i Bergen.

Står og fell med tunnel

– No arbeider vi med bompengesøknaden. Målet vårt er å få han fram til endeleg vedtak i fylkestinget til jul i år. Då har vi von om å få han godkjent i Stortinget før sommaren 2007, seier leiar i Regionrådet for Nordhordland, Masfjord-ordførar Håkon Matre, til Bergens Tidende.

– Dersom Stortinget godkjenner bompengepakken i juni 2007, kan de vel starta innkrevjinga alt i 2008?

– Vi har vorte samde om å ta ein bompengepause. Dessutan er det mykje som står og fell med Nyborgtunnelen. Det er semje i Nordhordland om at Nyborgtunnelen må inn i Nasjonal Transportplan for perioden 2010-2015 for at Nordhordlandspakken skal verta noko av.

Opp til Stortinget

– Kvar er Nyborgtunnelen i dag?

– Tunnelen er ikkje inne i Nasjonal Transportplan 2006-2015. Men han er med i prioriteringa til både Vestlandsrådet og Statens vegvesen for rulleringa av transportplanen i 2009. Så gjeld det at Stortinget fylgjer dette opp i sitt vedtak. Skjer ikkje det, må vi ta heile Nordhordlandspakken og bompengane opp til ny diskusjon., seier Matre.

– Kvifor er Nyborgtunnelen, som ligg i Bergen, med i Nordhordlandspakken?

– Grunnen er at Nyborgtunnelen kortar vegen drastisk frå Nordhordlandsbrua til Åsane Senter og vidare mot Bergen sentrum. Difor vil heile Nordhordlands-regionen samla ha svært stor nytte av Nyborgtunnelen.