– Eg hadde korkje heimabrygg, kaffi eller kaker å by på då folk kom innom i går for å gratulera, seier Skjoldli.

Såvel Hordaland som BA og BT skreiv fredag at Nils Skjoldli fylte 75 år 5. desember. Rett dato er 15. desember. Sannsynlegvis er det ei felles kjelde som NTB som har glippa på eit 1-tal.

Og noko feiring ti dagar før dagen, var jubilanten slett ikkje budd på.