Det blir uansett polutsal på øya i løpet av året, trur informasjonssjef Jan Egil Aase.

— Vi må finna oss i at kommunen ønskjer sal over disk, endå om vi har gode erfaringar med sjølvbetente utsal dei siste to åra, seier Aase til Bergens Tidende.

Etter at kommunestyret måndag med ei røyst overvekt sa ja til polutsal og med tilsvarande fleirtal sa nei til sjølvbetent pol, sette KrFs gruppeleiar og varaordførar Ola Ersland si von til at AS Vinmonopolet ikkje vil koma til kommunen grunna utsikter til dårleg lønsemd. Statsverksemda avviser problemstillinga.

— Skilnaden i omsetnad mellom disksal og sjølvbetente utsal er ikkje stor. Gjennomsnittskunden i diskutsal kjøper 2,35 liter vare, i sjølvbetente pol 2,65 liter. Når det gjeld kvar utsalet skal lokaliserast på Bømlo, lyt vi sjå nærare på vedtaket og definera kva som er kjøpesenter. Vi er opptekne av å ha butikkane våre i nærleiken av der handelen elles er, seier Jan Egil Aase.

Vinmonopolet er inne i sitt travlaste år nokosinne på butikksida. Selskapet skal opna 25 nye forretningar og byggja om 30.