Det er dei to skipskanalane Kulleseidkanalen og Røyksundkanalen som er åstad for Kanaldagane, der det kjem veteranbåtar, redningsskøyta «Bergen Kreds», Marinen, sjømatleverandørar og ein stor bukett underhaldninskrefter. Ved Kulleseidkanalen på Finnås blir det rigga til ei stor messe, her blir det også ljosbileteføredrag om den snart 150 år gamle kanalen si soge. Det blir også gudsteneste på gamlemåten, blant anna ved at presten blir rodd fram til kyrkjelyden sin. Frå Røyksundkanalen til Mosterhamn skal det gå småbåtkonvoi.