Bomfallet, som fjærlendingane yndar å kalla det, skal markerast offisielt i ein halvtime frå klokka 10.30 fredag. Den som har hastverk, og vil forbi før, må betala dyrt. 75 kroner for motorsykkel, 180 for liten bil, 520 for bussar og 810 for vogntog.

Kåre Lerum, som gjekk i brodden for bompengeprosjektet, får den æra å vera siste betalande. Ekspressbussen blir den første som køyrer gratis.

Statsrådar på plass Hendinga har lokka to statsrådar til den vesle bygda i Indre Sogn. Kommunal— og regionminister Liv Signe Navarsete har trødd sine barnesko på Sogndalssida av dei bompengefinansierte tunnelane.

Etterfølgjaren som samferdsleminister, Magnhild Meltveit Kleppa, stiller også.

— Magnhild ser på dette som ei viktig samferdslepolitisk hending langt vidare enn det lokale. Dessutan er det rett å via eldsjeler som Kåre Lerum merksemd, seier Navarsete.

- Kunne du som samferdsleminister ha gjort pina for bilistane kortare?

— Auka statstilskot ville ha redusert prisen eller korta ned bompengeperioden. Men eit slikt framlegg frå meg ville ikkje ha tatt seg bra ut. Bommen står for nær heimebøen min, seier statsråden.

Kalde bøker

  • Varmedress og polvottar kan vera rette antrekket, seier dagleg leiar Eivind Ødegård i Bokbyen, ein av attraksjonane som feirar med opne dører.

Men berre eitt av lokala er oppvarma om vinteren. Difor kan det bli eit kjøleg møte med den omfangsrike bruktbokmarknaden som Fjærland er kjend for.

— Likevel skal alle vera varmt velkomne. No kan alle gjera litterært røvarkjøp utan å betala inngangspengar til bygda, seier Ødegård.

VAKKERT, MEN KOSTBART I 16 ÅR: Området ved Bøyum er innfallsporten til Fjærland. Her ligg attraksjonen Norsk Bremuseum, og her er det sure pengar å betala i bomstasjonen – fram til fredag klokka 10.30.

PRISSJOKK: For ukjende kjem prislista ved denne bomstasjonen som eit sjokk. Berre den nyopna Finnøytunnelen i Rogaland er dyrare her i landet, 200 kroner for liten, og 790 kroner for stor bil. Men prisreduksjon er allereie på trappene. FOTO: Arne Hofseth